Denamerikanskeambassade-NAMF.00053.007.jpg
Eero Saarinen, «Den amerikanske ambassaden i Oslo». Fra lobbyen. Foto: K. Teigen, 1959

Den amerikanske ambassaden i Oslo. Karl Teigens fotografier

15. februar 2013–16. juni 2013

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Amerikas sameinte statars ambassade i Oslo er teikna av den finsk-amerikanske arkitekten Eero Saarinen (1910–61). Då ambassadebygget vart innvigd i 1959 var Saarinen ein internasjonal celebritet, det nærmaste vi kjem «starchitects» i vår tid. Han teikna også den amerikanske ambassaden i London, som vart ferdigstilt i 1960. Andre av prosjekta hans er David S. Ingall Hockey Rink på Yale University i New Haven, Connecticut (1956) og Trans World Airlines Terminal på JFK International Airport i New York (1956–62).

Blant høgdepunkta innan norsk modernistisk arkitekturfotografi
Våren 1959 vart den amerikanske ambassaden i Oslo fotografert av Karl Teigen (1884–1969). Fotografia av ambassadebygget er blant høgdepunkta innan norsk modernistisk arkitekturfotografi, og vart brukt i presentasjonen av ambassadebygget i fagtidsskriftet Byggekunst. Utstillinga er basert på samlinga til museet. Arkitektursamlingane inkluderer ei stor mengde papirpositiv frå redaksjonen til Byggekunst, hovudsakleg frå perioden 1950–70.

Store, tomme flater og streng orden
Det utstuderte uttrykket i arkitekturfotografi er lett gjenkjenneleg, og ofte karakterisert av store, tomme flater og streng orden. Menneske er ofte fråverande, viss dei i det heile er til stades i motiva er det ofte som dekorative element eller element som viser skala. Karl Teigen arbeidde som regel i samsvar med det etablerte modernistiske arkitekturfotografiet.

Verdifull dokumentasjon
Ambassadebilda til Teigen er også ein verdifull dokumentasjon av korleis bygningen til Saarinen opphavleg var utforma og innreidd. Amerikas sameinte statars ambassade skal no flytte ut av bygningen.