Far-out Voices

22. september 2013–2. mars 2014

Nasjonalmuseet – Arkitektur

«Far-out Voices» gir innblikk i opphavet til det vi i dag kallar grøn design. Utstillinga presenterer eit utval pionerar med røter frå motkulturrørsla på 1960- og 70-åra. Ho er bygd opp rundt ein serie dokumentarintervju, filma av Caroline Maniaque-Benton i 2002. «Far-out Voices» er ein innfallsport til korleis forkjemparar for alternativ arkitektur tenkte om, og praktiserte, «berekraftig» design.

Gjer-det-sjølv-manualar, fotodokumentasjon, arkivmateriale og tidstypiske gjenstandar avslører korleis arbeidet til Steve Baer, Mike Reynols, Jay Baldwin, Graham Stevens m.fl. baserer seg på eksperimentering og direkte aksjon – driven av ønsket om lausriving frå statleg regulering og infrastruktur.

Nasjonalmuseet er ein av seks samarbeidspartnarar i Oslo Arkitekturtriennale. Årets triennale ber tittelen «Bak den grønne døren – Arkitektur og draumen om berekraft». Han inviterer til ei original og kritisk undersøking av berekraftomgrepet i arkitektur, byutvikling og design. Den belgiske gruppa Rotor er kuratorar for hovudutstillinga på DogA. Meir informasjon på oslotriennale.no

Kuratorar: Caroline Maniaque-Benton og Jérémie McGowan (Nasjonalmuseet).