Framtidas materiale for arkitektur og design

20. februar 2004–12. april 2004

Arkitekturmuseet

Denne vandreutstillinga presenterer materialar til å ta og føle på. Vi er fortrulege med treverk og betong, men korleis blir framtidas overflater, og kva eigenskapar får dei materiala som no kjem? Utstillinga viser døme på dei mange nye materiala frå ulike fagområde som har kome på marknaden dei siste åra. Den presenterer også døme på aktuelle internasjonale prosjekt der dei nye materiala er brukt.

Dei nye materiala er av ein karakter som inviterer publikum til å erfare dei med alle sansar. Difor er også stikkorda for utstillinga sjå, føle og erfare. Utstillinga består av heile åtti overskridande og framtidsretta materialprøver som utfordrar arkitektar og designarar til å eksperimentere og skape noko nytt.

Dei utvalde døma på bruken av dei nye materiala viser stort mangfald og originale bruksområde: blant anna ei ETFE-foliepute (kunststoff-folie), ein del av ein fasadekonstruksjon som er eksplodert inn i den noverande forma, fotografi trykt på betong, betongprøver med overraskande tilsetjingsstoff, og ein glasveggkonstruksjon.