Jan Pappelbaum-18.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Jan Pappelbaum. Scenerom

11. oktober 2009–10. januar 2010

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Utstillinga viser arbeid av ein av Europas leiande scenografar innan samtidsteater. Sidan opninga av den legendariske eksperimentelle teaterscena "Baracke" ved Deutsches Theater i Berlin i 1997, har arbeida til arkitekten og scenografen Jan Pappelbaum (f. 1966) prega det tyske progressive teatermiljøet.

Pappelbaums interesse for teater vart vekt gjennom møtet med registudenten Thomas Ostermeier, og venskapet har utvikla seg til å bli eit av dei mest interessante og produktive kunstnarsamarbeid innan tysk samtidsteater, med blant anna oppsetjingar som "Nora", og "Hedda Gabler".

Utradisjonelle scenebilde
Pappelbaums arbeid er prega av hans bakgrunn som arkitekt i form av sterke og overraskande referansar til modernismen og postmodernismen. Han skaper komplekse, transparente, utradisjonelle scenebilde; opne rom der overgangen mellom sal og scene blir oppheva.

Omfattande presentasjon
I utstillinga presenterast utvalde scenografiar som viser arbeid frå Pappelbaums periode som scenograf ved Berliner Schaubühne frå 2000 og fram til i dag. Gjennom modellar, foto- og filmmateriale gir utstillinga ein omfattande presentasjon av hans produksjon, arbeidsmetoder og inspirasjonskjelder.

Utstillinga er produsert av Theater der Zeit, Berlin og Goethe-Institut Norwegen. Den presenterast i samarbeid med Nasjonalmuseet, Nationaltheateret og Berliner Schaubühne. Utstillinga inngår som ein del av Samtidsfestivalen 09.

Prosjektleiar ved Theater der Zeit, Berlin: Harald Müller
Kurator: Ute Müller-Tischler
Utstillingsarkitekt: Karl Karau
Prosjektleiar ved Nasjonalmuseet i Oslo: Anne Marit Lunde
Modellbyggjarar: Mira Voigt og Hagen Damwerth
Grafisk designar: Sibyll Wahrig
Omsetjarar: Nanna Baldersheim, Lilian-Astrid Geese og Rebecka Stuart