Klassisk Christiania. Norge 1814

15. februar 2014–8. juni 2014

Nasjonalmuseet – Arkitektur

I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet totalt fem utstillingar, tre historiske og to samtidige. Dei tre historiske går under fellestittelen «Norge 1814». Dei to samtidskunstutstillingane er «Grip friheten! Take Liberty!» i Museet for samtidskunst og vandreutstillinga «I Nasjonalmuseets blindsone» som blir opna i Nasjonalmuseet – Arkitektur. Publikum får oppleve verk som sjeldan eller aldri er vist i offentleg samanheng. Utstillingane blir følgd av eit rikhaldig arrangementsprogram som rettar seg mot eit breitt publikum, og eit variert formidlingstilbod for barn og unge.

Etter 1814 vart Christiania ikkje berre hovudstad, men også sete for ein heilt ny statsadministrasjon. Utstillinga viser korleis husa i Kvadraturen vart fylte av nye funksjonar. Stortingets første sal var opprinneleg Kathedralskolens festsal, teikna av arkitekt Charles Stanley.

Christian Heinrich Grosch, som også teikna Nasjonalmuseet–Arkitekturs eigen bygning (tidlegare Norges Banks filial i Christiania), er saman med Stanley gjennomgangsfiguren i utstillinga. Utstillinga tek heile Kvadraturen i bruk og formidlar både det tapte og det bevarte frå perioden.