Norge på Expo 2010 Shanghai

15. august 2008–24. august 2008

Nasjonalmuseet – Arkitektur

15. august 2008 vil vinnaren av Noregs paviljong til verdsutstillinga i Shanghai i 2010 bli offentleggjort. Dei fem forslaga til konsept vil vere stilt ut på Nasjonalmuseet – Arkitektur frå 15. til 24. august.

I tida frå 1. mai til 31. oktober 2010 arrangerast det verdsutstilling i Shanghai. Regjeringa har vedteke at Noreg skal delta, og Innovasjon Norge førebur den norske deltakinga som ledd i ei langsiktig satsing mot Kina.

Temaet for Expo 2010 er "Better City Better Life", eit tema som legg vekt på berekraft og urbanisme. Det ventast 200 deltakande land og organisasjonar og meir enn 70 millionar besøkande.

Innovasjon Norge har planlagt og gjennomført konkurransen om norsk deltaking på Expo 2010 frå april til august 2008. Norsk deltaking på Expo 2010 skal gi eit informativt og truverdig bilde av landet vårt, det norske folket og samfunnsforhold. Målet er at bidraget skal, gjennom dei uttrykksformer som nyttast, styrkje norsk næringslivs konkurranseevne i Kina og fremje Noreg som reisemål. Deltakinga skal dessutan styrkje Noregs samarbeid med Kina innan forsking og kultur.