_DSC0701.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet

Norwegian Wood – eit laboratorium. Miljøvenleg trearkitektur for framtida

27. februar 2009–19. april 2009

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Norwegian Wood er eit av dei største prosjekta i Stavanger 2008 – europeisk kulturhovedstad. Stavanger er Europas største trehusby, og Norwegian Wood skal vidareutvikle denne tradisjonen ved å byggje 14 nyskapande byggjeprosjekt med framtidsretta, nyskapande og miljøvenleg trearkitektur. Prosjektet er den største satsinga på miljøvenleg, framtidsretta arkitektur i Noreg nokosinne.

Kriterium
Alle byggjeprosjekta er underlagt kriterium der dei skal vise fram lågt energiforbruk, designprinsipp for universell utforming og der dei tek i bruk miljøvenlege materiale og nye byggjesystem i tre.

Nytenking
Framtidsretta og gode løysingar krev nytenking. Norwegian Wood-prosjektet og -utstillinga fungerer difor som laboratorium og læringsarena for alle involverte; arkitektar, handverkarar, utbyggjarar, rådgivarar, kommuner osb. I forkant av utbyggjinga har det difor blitt arrangert internasjonale arkitekturkonkurransar, seminar og tverrfaglege workshops med dei fremste ekspertane i Noreg og Europa.

Utstillinga er eit samarbeid mellom NAL | Ecobox, Norwegian Wood og Nasjonalmuseet.

Kurator for utstillinga: Anne Marit Lunde

Utstillingsarkitekt: happyspace