Oppmåling av fortiden. Tegninger fra Riksantikvarens samling

2. november 2012–3. februar 2013

Nasjonalmuseet – Arkitektur

I år er det hundre år sidan riksantikvarembetet vart oppretta. H.M. Schirmer vart den første riksantikvaren i Noreg i 1912, men han var ikkje den første som dreiv antikvarisk arbeid. Denne utstillinga er gåva frå Nasjonalmuseet til jubilanten. Her viser vi eit lite glimt av tradisjonen det nye embetet utvikla seg frå, ved å fokusere på oppmålingsteikninga som formidlar. Utstillinga omfattar 23 teikningar og nokre litografiar frå 1810 til 1903, i hovudsak lånt frå arkivet til Riksantikvaren. 

Oppmålingsarbeidet til Riksantikvaren har i dag ofte ein teknisk funksjon i samband med arkeologiske undersøkingar og restaureringar. Dei tidlegaste oppmålingsteikningane derimot, skulle ikkje berre gå inn i ei vitskapleg basert registrering av fornminne i landet, men òg bli publiserte som ledd i eit misjonerande opplysningsarbeid. Fleire av desse teikningane er forunderleg vakre der dei omstendeleg insisterer på å få fram motivet.

Arkitektar og bildekunstnarar representerte i utstillinga:

  • Arnstein Arneberg (1882–1961)
  • Peter Andreas Blix (1831–1901)
  • Georg Andreas Bull (1829–1917)
  • Christian Christie (1832–1906)
  • Johannes Flintoe (1787–1870)
  • Erik Glosimodt (1881–1921)
  • Reidar Haslund (1881–?)
  • Ivar Næss (1878–1936)
  • Einar Oscar Schou (1877–1966)
  • Herman Major Schirmer (1845–1913)
  • Bergljot Berntsen f. Schønheyder (1880–1964)
  • Henrik Thrap-Meyer (1833–1910)
  • Adolph Tidemand(1814–1876)

Kurator for utstillinga er Bente Aass Solbakken.