Per Line. Stillhetens arkitekt

17. august 2012–21. oktober 2012

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Utstillinga viser arbeid av jærarkitekten Per Line, og blir presentert i Kvelvet. Gjennom sine stillferdige og tidlause prosjekt står Line fram som ein tolkar og fornyar av norsk tradisjon.

«Om vi skal kunne bringe stedets atmosfære og stemning videre, nytter det ikke med kopiering. Bare gjennom å tolke det gamle ved å gjendikte det, kan vi bevare noe av stedets unike kvalitet».

Orda frå arkitekten Per Line (1936–1997) er karakteristiske for arbeida og tankegodset hans: ein stillferdig og tidlaus arkitektur, forma i pakt med naturen og med mennesket i sentrum. Respekten Line hadde for den eksisterande og regionale jærbyggjeskikken, evna han hadde til å byggje bru mellom gammal og ny arkitektur, og den intuitive forståinga han hadde for den konteksten han bygde i, er viktig både lokalt og nasjonalt. I dag, femten år etter han døydde, er mange av tankane hans aktualiserte og står på dagsorden både i nasjonal og internasjonal samanheng når det gjeld økologi, kortreiste materialar, enkle byggjeteknikkar og lokal byggjeskikk. Den stillferdige arkitekturen Line gjerne blir forbunde med, vekkjer den dag i dag beundring med det tidlause og identitetsskapande uttrykket.

Utstillinga viser åtte utvalde prosjekt frå produksjonen til Line. Katalogen supplerer prosjekta med teikningar og bilde. I utstillinga blir det vist arbeidsmodellar og lysbilde av arbeida til Line – sett gjennom hans eigne auge. Utstillinga blir vist i Kvelvet i Nasjonalmuseet – Arkitektur.

Utstillinga er produsert av Hå gamle prestegard og blir presentert i samarbeid med Nasjonalmuseet. Kurator og formgivar: Ådne Trodahl