Snøhetta ekstra-19.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet

Snøhetta, arkitektur – landskap – interiør

8. mai 2009–13. september 2009

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Snøhetta kan i dag med rette kallast eit internasjonalt arkitektkontor – med bygningar under prosjektering på fleire kontinent, ein stab på 120 personar frå ulike nasjonar og kontor i Oslo og New York.

Snøhetta vart grunnlagt for 20 år sidan då dei vann konkurransen om Biblioteket i Alexandria. Deira fullførte arbeid spenner frå bakgårdslandskap, møblar og kunstinstallasjonar til Operaen i Oslo. Blant noverande prosjekt finst bl.a. forskingsprosjektet GLITNE om miljøvenleg, konkurransedyktig arkitektur, og det utopiske, gigantiske Ras al-Khaimah Gateway project i Dei sameinte arabiske emirata. Snøhetta har hausta stor heider i inn- og utland.

Utstillinga vil gi ein rikhaldig presentasjon av Snøhetta, deira bygningar, prosjekt, arbeidsmetodar og visjonar.

Kurator for utstillinga er Eva Madshus.