Snøhetta ekstra-31.jpg
Modell av Snøhettas bibliotek i Alexandria. Foto: Nasjonalmuseet

The new Bibliotheca Alexandrina

Internasjonal

Utstillinga presenterer arkitektfirmaet Snøhettas nye praktbygg i Alexandria. Det setjast fokus på det unike internasjonale samarbeidet rundt planlegginga og bygginga av biblioteket. Historia om byen Alexandria og oldtidas viktigaste forskingssenter og bibliotek utgjer også ein viktig del av utstillinga. Den viser også korleis det nye biblioteket fungerer som møtestad mellom aust og vest, nord og sør, og mellom islamsk og kristen kultur og religion.

Det gamle biblioteket i Alexandria var oldtidas største skriftsamling. Biblioteket var også eit senter for forsking og kunnskap, ein møtestad for intellektuelle. Då det brann ned på 400-talet e.Kr., gjekk ein av antikkens største kunnskapsskattar tapt for alltid.

Snøhetta vinnar av internasjonal arkitektkonkurranse
I 1989 utlyste den egyptiske staten, i samarbeid med UNESCO, ein arkitektkonkurranse om eit bibliotek av verdsformat i Alexandria. Det skulle bli eit universelt, offentleg bibliotek og eit senter for kultur og vitskap i området. Det norske arkitektfirmaet Snøhetta vann arkitektkonkurransen i 1989 blant rundt 650 innsende forslag frå arkitektfirma over heile verda, og fekk med dette sitt internasjonale gjennombrott. Snøhettas vinnarforslag har vekt stor internasjonal merksemd. Biliotheca Alexandrina vart offisielt opna i 2002 og vert sett på som eit av dei viktigaste arkitektoniske verk dei siste tiåra.

Eit av verdas største moderne skulpturelle byggverk
Det nye biblioteket er storslått, men enkelt i forma. Ovanfrå minner den runde forma om ei solskive. Hovudelementet er ein ståande sylinder skore diagonalt, og byggets geometriske klårleik kan assosierast med dei monumentale byggverka frå oldtidas Egypt. Fasaden består av over seks tusen kvadratmeter handmeisla stein og representerer med dette eit av verdas største moderne skulpturelle byggverk. Ristningane er henta frå ulike alfabet og symbol - notidas, fortidas og det ein trur kan bli framtidas. Dei omfattar både matematiske og musikalske teikn, blindeskrift og strekkodar blanda med kjende inskripsjonar.

Visningsstader:
Vandreutstillinga har blitt vist i Paris, Wien, Roma, Brussel, Berlin, Montreux, Krakow, Riyadh, Abu Dhabi, Edinburgh, Brasilia og Tel Aviv, og er teksta på engelsk, fransk og arabisk.

Utstillinga er produsert av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design for Utenriksdepartementet.

Utstillingsansvarleg: Eva Madshus, Nasjonalmuseet
Utstillingsdesign: Askim / Lantto Arkitekter
Grafisk design: Bruno Oldani Design
Tekst: Finn Jor

Det er publisert ein rikt illustrert katalog til utstillinga.

Visningssteder

2007

  • Februar/mars: Belgia, Antwerpen
  • 05.–19.06.: Finland, Helsingfors
  • 29.06.–12.08.: Tyskland, Berlin, Felleshuset
  • 09.09.–10.10.: Slovakia, Bratislava, Banska Bystrica Design Factory
  • 20.10.–10.11.: Argentina, Buenos Aires Universidad de Palermo, Facultad de Arquitectura
  • November/desember: Mexico, Monterrey, Universitetet i Monterrey

2008

  • Januar–mars: Chile, Museo de bella artes
  • April–mai: Venezuela, Caracas Universidad Central de Venezuela, fakultetet for arkitektur
  • 10.06.–26.06.: Roma, Casa dell'Architettura, arkitektforeningen i Roma, og Napoli, Italia
  • 01.07.–18.07.: Milano
  • 15.09.–03.10.: Dublin, Cork Institute of Technology, Rossa Avenue, Bishopstown, Cork, Irland

2009

  • 28.01.–27.02.: St. Petersburg, The A.S. Popov Central Museum of Communications, 7 Pochtamtskaya ulitsa, St. Petersburg, 190000
  • 02.04.–24.04.: Krakow, Polen, Arkitekturtriennalen i Krakow
  • 27.05–23.06.: Arkitekturfakultetet ved Teknisk Universitet, Lisboa
  • 06.07.–31.08: Arkitekturfakultetet ved Universitetet i Porto, Via Panoramica, Porto, Portugal
  • 15.09.–18.10.: Haarlem, Nederland Architectuurzentrum
  • 18.11.–06.12.: Archaeological Museum of Thessaloniki, Hellas
  • 15.12.2009–10.01.2010: Benaki Museum, Aten, Hellas

2010

  • 22.02.–17.03.: Abu Dhabi Men's College Higher Colleges of Technology, Al Saada st. nr. 19, Abu Dhabi