Norsk samtidsarkitektur 2000-2005 002.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Norsk samtidsarkitektur 2000–2005

15. februar 2007–28. februar 2009

Nettverk galleri + nettverk museum

Norsk samtidsarkitektur 2000–2005 er ei mønstring av 50 utvalde arkitekturprosjekt frå dei siste fem åra.

Utstillinga viser høgdepunkt frå norsk samtidsarkitektur. Den visast først i Kunsthallen på Tullinløkka i Oslo frå 14. oktober til 31. desember 2006. Deretter vandrar utstillinga i det landsdekkande nettverket innan galleri og museum. Ein engelsk versjon av utstillinga vandrar verda rundt.

Første versjon av "Norsk samtidsarkitektur" viste arbeid frå 1975 til 1985. Det er no femte gong den produserast, og utstillinga er i ferd med å bli ein tradisjon. Desse periodiske utstillingane er dei mest omfattande mønstringane vi har av norsk samtidsarkitektur. Katalogane er blitt viktige dokumentasjonskjelder over utviklinga av norsk arkitektur frå 1975 og fram til i dag. I løpet av denne perioden har norsk arkitektur hatt eit internasjonalt gjennombrott, og vi trur at desse utstillingane har medverka til det.

Utstillinga viser 50 prosjekt frå de siste fem åra. Arbeida er vurderte og valt ut av ein fagjury. Utstillinga viser bygg reist i Noreg, men også norske arkitektars prosjekt i utlandet. Omfanget varierer frå små interiørprosjekt til store, komplekse bygg som biblioteket i Alexandria. Både "unge og lovande" og "etablerte og kjende" arkitektar er representerte. Dei 50 prosjekta er gruppert i fem kategoriar: Transformasjon, kontrast og tilnærming, form og funksjon, materiale og konstruksjon og symbol og identitet.

Utstillinga er strukturert med fargekodar knytt til kvar av kategoriane ovanfor. Bygningane presenterast på frittståande utstillingselement med tekstar og varierte illustrasjonar; skisser og fotografi. Utstillinga består også av materialprøver og modellar, og ein film som omhandlar nokre av bygga.

Målgruppe: alle

Målet med utstillinga er å formidle og dokumentere norsk samtidsarkitektur, og å presentere denne for eit norsk og utanlandsk publikum. Vi ønsker også å auke merksemda og medvitet rundt samtidsarkitektur og å stimulere til dialog og debatt.

Formidlingsmateriell
- Ein foldar med korte opplysningar om dei fem kategoriane
- Utstillingskatalog produsert i samarbeid med tidsskriftet Byggekunst
- Plakat
- Lærerrettleiing

Utstillinga og skulane
Utstillinga høver for elevar i grunnskular, vidaregåande skular og høgskular. Vi tilbyr formidlingsopplegg med og utan workshop (45/90 minutt).
Lærerrettleiinga kjem med forslag til eigenaktivitetar på skulen og forslag til synfaringar i eige lokalmiljø. Rettleiinga kan brukast uavhengig av utstillinga.

Formidlar og arrangør sitt ansvar
Formidlar følgjer utstillinga på turné og har det faglege ansvaret, både pedagogisk og praktisk, og hjelper til med montering/demontering i samarbeid med to medarbeidarar frå lokal arrangør. Arrangør må sjølv informere og gjere avtalar med ulike publikumsgrupper, inkludert skulane. Nasjonalmuseet vil frå 2007 prøve ut nye metodar og lære opp lokale formidlarar.

Krav til turnélokale
Utstillinga krev minst 150 m2. Lokala må kunne låsast og må ha vakthold i opningstida. Lokala må ha lysanlegg for utstillingar, mulegheit for blending for filmvising, stabilt inneklima, jevnleg reingjering og god straumtilgang. Utstillingslokalet må ha ein slik storleik at dei kan ta i mot større utstillingselement/transportkasser. NB! Merk storleik på dører. Det må i tillegg vere god lagringsplass for transportkasser. Mål og vekt på transportkasser: ca 180 x 150 x 50 cm, 50 kg.

Økonomi på turné
Nasjonalmuseet dekkjer transport, forsikring, 10 katalogar, plakatar og lærarrettleiingar. Nasjonalmuseet dekkjer utgifter til formidlar. Utstillingsstadane betaler ein eigendel på kr 3.500 som etterfakturerast.

Utstillinga er produsert av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Prosjektleiar: Anne Marit Lunde
Kurator utstilling og designar: Anne Marit Lunde
Kurator formidling: Eli Solsrud