Bli kjend med kunstnarane i «Skakke folkedrakter»

I den turnerande utstillinga «Skakke folkedrakter» har seks samtidskunstnarar gjort eit djupdykk i klestradisjonar, tradisjonshandverk og seg sjølve.

Dei har gått i dialog med handverkarar og tradisjonsberarar i Noreg og i Sápmi, og skapt seks kunstverk som tilbyr nye perspektiv til samtalen rundt tekstil, tradisjon og identitet knytt til folkedrakttradisjonar.

Prosessen har vore både utforskande, kaotisk og samlande. Gjennom eigne historier har kunstnarane utforska og utfordra det personlege, gjenkjennelege, politiske og motsetningsfylte i drakttradisjonane slik dei er i dag.

Rafiki

Jobber ... Jobber ...

Den vestlege tanken om definerte kjønn og kjønnsidentitet er ikkje den einaste. Folk har levd og tenkt på seg sjølve som fluide (flytande) – du er som eit tomt beger som fyllest opp med noko maskulint, noko feminint, og som blir rista godt saman.

Med tekstil, perler og fotografi utforskar Rafiki stereotypiske skildringar av kulturar og folkedrakter. For henne er arbeidsprosessen ein viktig del av verket, og ein arena for helbreding, refleksjon og fellesskap.

Med verket Alene sammen, som perler på en snor tek ho utgangspunkt i den estetiske og filosofiske kunnskapen om folkedrakttradisjonar i Sápmi, Noreg og hos lubafolket i Kongo. Arbeidet handler om å forstå kva kulturar har felles, og korleis vi som samfunn og individ er sett saman av ulike kulturelle element som er i bevegelse og stadig dannar nye heilskapar.

Christian Blandhoel

Jobber ... Jobber ...

Eigenarten til ein nasjon blir danna i undergrunnskulturar. Det som startar som noko smalt, blir over tid forankra i populærkulturen.

Det todelte verket Subnasjonal folkedrakt / Ny folkemusikk består av ei outsider-folkedrakt og eit instrument som publikum kan spele på. Sentralt i arbeidet er å tilgjengeliggjere tradisjonar og kunst for alle, uansett bakgrunn og forkunnskapar.

Verket refererer til element frå Blandhoels eige liv, i 1405 Langhus i Nordre Follo kommune: utanforskapet, folkedrakta han aldri fekk, fellesskapet han fann i subkulturar. Detaljar med lokal forankring, blant anna supporter-hettegensarar, ei outsider-folkedrakt som gir beskyttelse for minoritetar, støymusikk og langeleik blir kryssa og dannar ein slags vegvisar for å kunne navigere i kjende og ukjende tradisjonar.

Márjá Karlsen

Jobber ... Jobber ...

Folk skjønar ikkje heilt at eg kan beskrive kunsten min som sint, for eg sit berre og vev og spinn garn. Og det er utruleg fredfullt, eigentleg. Men det er motstand i det.

Til trass for sitt sjøsamiske opphav, vart ikkje Márjá Karlsen kjend med samisk kultur før ho var vaksen. Då familien for fleire generasjonar siden flytta frå Sverige til Noreg, la dei frå seg alle spor av samisk identitet. Dei tok i bruk norske etternamn, lærte seg å skrive og snakke norsk, og slutta å bere gákti (samisk kofte) med mønster og ornamentikk som fortel kven ein er og kvar ein kjem frå.

I prosjektet Láigečála (samisk for «garnskrift») viser Karlsen prosessen med å ta tilbake tapt kulturarv. Ho har gjort eit djupdykk i korleis ein lagar banda og mønstera til det samiske fottøyet kommag, og tileigna seg kunnskap for å kunne fortelje si eiga historie. Gjennom det tradisjonelle samiske handverket duodji, aktivisme og kunst, vev ho saman den personlege og den politiske kampen for retten til eigarskap over eigen kultur.

Harald Beharie

Jobber ... Jobber ...

– Eg syntest det var noko spennende med å krysse referansar som på ein måte har noko til felles, men som eigentleg ikkje kjem frå same stad.

Med eit skeivt og kritisk perspektiv undersøker koreograf og samtidsdansar Harald Beharie kven som har tilgang og eigarskap til kulturarv.

I arbeidet Leik kryssar Beharie element frå fleire ulike kulturar og utforskar kvar grensene for kulturuttrykk går. Han har blant anna funne inspirasjon i den gamle tradisjonen om å «skaute seg til», for å vise om ein er gift eller ikkje, og hovudtørkleet durag, som gjennom fleire generasjonar har blitt brukt av personar med afro for å beskytte og halde håret på plass.

Beharie har også henta inspirasjon frå den norske kulturforskaren Klara Sembs bok Norske folkedanser, som i detalj skildrar steg og takter. I verket følger ein stødig, trampande takt Haralds sensuelle og intense utforsking av den sosiale folkedansen, medan ein ny leikarring blir skapt.

Lin Wang

Jobber ... Jobber ...

Dette prosjektet er som eit sjølvportrett.

Korleis kan ein tilpasse seg nye kulturar og tradisjonar utan å miste sin eigen identitet?

Det delvis sjølvbiografiske verket Bunad Tattoo Shop tematiserer identitet i endring. Med globalisering som tematisk bakteppe, viser Lin Wang det poetiske, sårbare, morosame og vanskelege i møtet mellom ulike kulturar. I verket blir også det universelle for menneske i alle kulturer understreka: det grunnleggande behovet for tryggleik.

I Bunad Tattoo Shop kryssast historier og eventyr frå flere kontinent. Det har silkefrynser inspirert av samiske folkedrakter, referansar til skandinaviske folkeeventyr og sjømenn som historiske kulturberarar mellom land, og tatoveringar som ein metafor for valfridom: «Du vel kva tatovering du vil ha frå ein meny, men motiva du kan velje blant er allereie bestemt.»

Håvard Kranstad

Jobber ... Jobber ...

Det er jo ingen som eigentleg veit kva ein bunad er.

Med kva bakteppe tolkar vi historiske motiv og hendingar? Håvard Kranstads verk Koll-Krone krinsar rundt paradoks og motsetjingar i bunadstradisjonar.

Den tematiske utforskinga speglar seg i Kranstads eige handverk: digital jaquardvev. Verket består av fire store bildeteppe i ull og glitter. Verket er fylt av historiske referansar og skeive assosiasjonar.

Koll-Krone formidlar forteljingar frå folkedrakttradisjonar som ikkje har fått plass i dei nasjonalromantiske historiene – om noko av det ein kunne ha sett, men kanskje ikkje såg.

Sjå om utstillinga kjem til ein stad nær deg:

2023 

18. juni–17. september:
Valdres Folkemuseum

6. oktober–2. november:
Guovdageainnu gilišillju

20. november–17. mars:
Sunnfjord Museum

2024

23. juni–22. september:
Stiklestad Nasjonale Kultursenter 

5. oktober–8. desember:
Bymuseet Bodø – Nordlandsmuseet

2025

Januar–mars:
Bomuldsfabriken Kunsthall

April–mai:
Hordaland Kunstsenter

13. juni–30. september:
Hadeland Folkemuseum