Historie

Museet for samtidskunst vart oppretta i 1988. Basis for samlingane var verk tatt over frå Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet.

Med utgangspunkt i desse samlingane fekk museet det nasjonale ansvaret for forvaltning av norsk etterkrigskunst. Kunstverka museet overtok representerte det offisielle biletet av etterkrigstida si norske kunsthistorie.

I 1990 opna museet dørene for publikum i det som tidligare var Norges Banks lokale på Bankplassen i Oslo.

Den vakre jugend-inspirerte bygningen i norsk granitt og marmor vart bygga i 1907. Arkitekten var Ingvar Magnus Olsen (I.O.) Hjorth