Forsiden av en stor bygning i jugendstil, med fontene foran
Museet for samtidskunst.
Foto: Nasjonalmuseet / Morten Thorkildsen

Museet for samtidskunst stengde 3. september 2017.

Før kunsten kan presenterast for publikum i det nye museet i 2021, må ein dokumentere, konservere og pakke samlinga. I det nye museet får publikum for første gong sjå ei fast samlingsutstilling av samtidskunst, som vil dekke heile 2.300 kvm, i tillegg til skiftande utstillinger. Samtidskunsten vil skine i heilt nye samansetningar, i samspel med eldre kunst, design og arkitektur.

Verk av Edvard Munch og andre høgdepunkt frå samlinga er for tiden ikkje tilgjengeleg hos våre visningsteder, men vil bli ein del av den faste utstillinga i det nye Nasjonalmuseet. 

Samlinga

Nasjonalmuseets samtidskunstsamling består av ca. 5 000 norske og utanlandske verk frå perioden etter 1945. Samlinga spenner over eit breitt spekter av sjangrar og uttrykksformer; måleri, grafikk, teikning, fotografi, skulptur, objekt, installasjon og video.

Museet opna for publikum i 1990, med sentral plassering på Bankplassen i Oslo, i det som før var Noregs Banks lokale. Den vakre jugendstilinspirerte bygningen i norsk granitt og marmor stod ferdig i 1906. Arkitekten var Ingvar Magnus Olsen Hjorth (1862–1927). Museet har rundt 2 000 m2 utstillingsareal over to etasjar, med den store Banksalen i 1. etasje som eit hovudfokus. I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Opplev verk frå samtidskunstsamlinga i Nasjonalmuseets digitale samlingssøk.

Historie

Museet for samtidskunst vart oppretta i 1988. Basis for samlingane var verk tatt over frå Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet.

Med utgangspunkt i desse samlingane fekk museet det nasjonale ansvaret for forvaltning av norsk etterkrigskunst. Kunstverka museet overtok representerte det offisielle biletet av etterkrigstida si norske kunsthistorie.

I 1990 opna museet dørene for publikum i det som tidligare var Norges Banks lokale på Bankplassen i Oslo.

Den vakre jugend-inspirerte bygningen i norsk granitt og marmor vart bygga i 1907. Arkitekten var Ingvar Magnus Olsen (I.O.) Hjorth