Nasjonalmuseet – Arkitektur skal rehabiliterast og vil få ny universelt utforma inngang i 2023. Museet vil halde ope, men publikumstilbodet vil vere begrensa ein periode.
Dag | Åpningstider |
Mandag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag | 10–15 |
Lørdag og søndag | Stengt |
Det er oppdaga setningsskadar i bygningen som husar Nasjonalmuseet – Arkitektur på Bankplassen 3. Det er den eldste delen av bygningsmassen som har fått skadar.
Statsbygg, som har ansvar for bygget, skal i gong med utbetringsarbeid. Rehabiliteringsarbeidet krev stabilt varmt vêr. Arbeidet startar etter påske og skal etter planen vere ferdig hausten 2023.
Den komande utstillinga «Hånd og maskin. Arkitekturtegninger», som etter planen skulle visast i Nasjonalmuseet – Arkitektur, vil bli flytta til Lyshallen i det nye Nasjonalmuseet. Visingsperioden for utstillinga er 3. november 2023–11. februar 2024.
I anleggsperioden vil Nasjonalmuseet – Arkitektur vere ope for publikum måndag–fredag kl. 10–15. Studiesalen og formidlingstilbodet vil fortsatt vere tilgjengeleg, og sjølve bygget vil vere ope for besøk i den grad Statsbyggs arbeid tillet det.
Nasjonalmuseet – Arkitektur er ein destinasjon i seg sjølv. Museumsbygningen er ei samanstilling av klassisisme og modernisme – eit møte mellom Christian Heinrich Grosch (1801–1865) og Sverre Fehn (1924–2009), to sentrale arkitektar i norsk kunsthistorie.
Arkitekturmuseets Venner er en selvstendig forening som har som formål å bidra til Nasjonalmuseet – Arkitekturs virksomhet. Alle interesserte kan bli medlem. Ta kontakt med Hans-H. Halvorsen, hans.halvorsen@hotmail.com, tlf: 917 65 608.