Studiesalen i Nasjonalmuseet – Arkitektur

Nasjonalmuseet har Noregs viktigaste arkitektursamling med meir enn 300 000 artefaktar daterte frå 1830-åra til i dag. Arkitektursamlinga er tilgjengeleg for studentar, forskarar og andre interesserte.
Samlingane klargjer og dokumenterer ulike aspekt av arkitektonisk kultur, og er hovudsakleg bygde opp av private arkitektarkiv eller fragment av arkiv. Desse spenner over ein stor variasjon av materiale og medium: arkitektoniske teikningar, fotografi, modellar, konseptuelle studiar, skissebøker, korrespondanse og ephemera.
Åpningstider
Åpent etter avtale onsdag og torsdag 12.00–16.00. Bestilling av materiale frå samlinga må gjerast tre verkedagar i forkant av besøket. Materialet er tilgjengeleg i opningstida til studiesalen.
Kontaktinformasjon
Besøksadresse: Nasjonalmuseet – Arkitektur (2. etasje), Bankplassen 3
Postadresse: Pb. 7014 St. Olavs plass
0130 Oslo
studiesalen.ark@nasjonalmuseet.no