Inngangskoner, sakristiet i Tanum kirke

Harriet Backer
308
2 min
Harriet Backer, «Inngangskoner, sakristiet i Tanum kirke», 1892
Datering: 1892

Transkripsjon

Forteljar:
Før 1900-talet var skikken med å gi kvinner såkalla inngang utbreidd i fleire delar av landet. Etter ein fødsel kunne ikkje kvinna tre inn i kyrkjerommet utan at ho var velsigna og reinsa av presten på førehand.

Fem eller seks veker etter fødselen måtte kvinnene vente utanfor på presten, og velsigninga fann stad før gudstenesta eller preika. Dette var ei slags gjeninnføring til kyrkja.

Tradisjonen døydde ut tidleg på 1900-talet, men her i Inngangskoner ser vi nettopp denne stunda der to kvinner er i ferd med å få velsigninga si.

Det uferdige måleriet gir oss eit godt innblikk i Backers arbeidsmetode.

Her kan vi delvis sjå perspektivteikninga skine gjennom dei tynt påførte fargane, nesten akvarellaktig. Ho arbeidde alltid ut frå sentralperspektivet.

Dei breie og raske strøka gir maleriet eit meir direkte inntrykk enn vi ser i dei ferdige måleria hennar.

Sjølv om biletet er gitt opp på skissestadiet, meinte ho sjølv i 1914 at det uferdige måleriet var klart til den store jubileumsutstillinga på Frogner. Likevel sikra ho seg ved å signere det slik:

Skuespiller som Harriet Backer:
«Indgangskoner. Sakrestiet i Tanum kirke. Ufærdig