Interiør fra Øvre Nanset

Harriet Backer
311
2 min
Harriet Backer, Interiør fra Øvre Nanset,

Transkripsjon

Forteljar:
Eit luftig rom.

Fullt av frodige, grøne plantar.

Plantane veks høgt i rommet mot taket.

Det er høgt under taket, og dei store vindauga slepper inn eit kaldt, vinteraktig lys.

Motivet er uvanleg på fleire måtar. Denne stova, som er frå Øvre Nanset i Larvik, var ikkje i bruk om vinteren og vart difor nytta som kjølig lagringsplass for vekstar som trong vinterkvile.

Her fekk Backer vere åleine med motivet sitt. Ho kunne arbeide uforstyrra av husfolket sine gjeremål.

Plantane er tilfeldig plasserte og samla i denne forlatne stova, og dei grøne blada skaper eit nydeleg, grønt skjer i lyset som fyller rommet.

Motivet var avansert. Backer strevde med alle dei forskjellige grøne blada som reflekterte vinterlyset på ulike måtar. Samstundes skapte dei kalde lysrefleksane kontrast til dei varme tekstilane i gult og raudt.

Vinteren var òg noko som fleire samtidige landskapsmålarar hadde interesse for. Her viser Backer at den norske snøvinteren også prega lyset og fargane innandørs.