Oppstilling med alkemugge

Harriet Backer
312
2 min
Harriet Backer, «Oppstilling med alkemugge», 1912
Foto: KODE / Dag Fosse
Datering: 1912

Transkripsjon

Forteljar:
Under studietida i München måla Backer fleire stilleben. Dei var tydeleg prega av interessa München-skulen hadde for fornemme gjenstandar og kostbare tekstilar.

Etter at ho flytta til Paris, mista ho interessa for sjangeren.

Først 30 år seinare vende ho tilbake til stillebenmåleriet.

Her i dette livlege måleriet ser vi den karakteristiske alkemugga midt i biletet. Alkemugga var eit nytt produkt frå Egersund Fajansefabrikk.

Ho var utforma av Backers ven og målar Jacob Sømme, som òg var ein god ven av Kitty Kielland.

Lyset strøymer inn frå dei store vindauga.

Den blå vasen, som vi kjenner igjen frå så mange av Backers stilleben, er fylt med gule og lyseraude tulipanar.

Dei raude epla på bordet står i balansert kontrast til den grøne potteplanten til høgre.

 Backers stilleben frå seinare år vart måla i hennar eigen heim og atelier i Hansteensgate 2. Desse omgivnadene førte med seg eit nytt blikk og ei ny målarisk innstilling.