HEIM
Ingunn Thon
Transkripsjon
Eg er så lei av mamma og pappa,
bror min og systera og den lange trappa.
Eg pakkar. Eg flytter frå hus og heim
med bamse, tannkost og klokka med reim.
Men det er så trøkka og trongt og tett,
i byen her er det ‘kje plass rett og slett.
O hoi, kva er det mitt auge skuer?
Eit langt alfabet med vinklar og buer.
Med flater og svingar og alt som er.
Rett framom meg. Å, så heldig eg er!
Der kan eg leve. Der kan eg bu.
Men kva bokstav er beste heim, då tru?
Kan eg bu i ein Ø? Eller kanskje ein D?
Nei, vent, eg har det, eg prøver ein C!
Eg klatrar inn holet, og vips har eg
ein heim med plass til berre meg.
Og om bror min prøver å lure seg inn,
blir C-en ein O, og døra forsvinn.
Eller kanskje skulle eg prøve ein A!
Eit stort rom og loft med skråtak er bra.
Og om eg blir rik, så byggjer eg på
eit tårnrom på toppen. Då blir det ein Å.
Så om mamma kjem for å vere strikt,
smett eg opp dit og nyt mi utsikt.
Kva om eg prøver å bu i ein E!
Med tre balkongar. Wow, tenk det!
Den øvste skal, om eg har nok peng,
vere utstyrt med eit kjempebasseng!
Og om regnet plutseleg høljar ned,
byggjer eg Æ, på ein-to-tre.
Men kven skal sjå mi fine utsikt?
Eller stupe frå kanten, heilt på likt?
Eg trur det beste faktisk kan vere
at dei andre bur heilt veldig nære.
Ein H og ein E og ein I og ein M.
Til meg, mamma, pappa, Kathrine og Sem.
Men den lange trappa, den blir igjen.
Bilde: Erling Viksjø (1910–1971), Snippen, Luftforsvarets boliglag A/S, Oslo, 1953–54, Nasjonalmuseet. Foto: Teigens fotoatelier/DEXTRA Photo/Norsk Teknisk Museum