Lyshallen

502
0 min

Transkripsjon

Forteller: 

På toppen av det nye Nasjonalmuseet er lyshallen. Det fins ikkje noko liknande rom i heile verden.  

Forsknings og utviklingsansvarlig ved Nasjonalmuseet, Talette Rørvik Simonsen, fortel: 

Talette Rørvik Simonsen: 

Den er jo i prinsippet et helt åpent rom som kan deles i tre mindre deler, og der man har da lyset som kommer inn uten at det er transparent, så er det gjennomskinnelige vegger som gjør at du vil ha en helt annen opplevelse der alt etter årstid, tid på døgnet. Og utenfra så vil den oppleves annerledes i bybildet på ulike tidspunkt.  

Forteller: 

Lyshallen var ein nøkkel til heile bygget. Inspirert av gammal gresk arkitektur og det ikoniske kvite Parthenon - tempelet på Akropolishøgden over Aten, er lyshallen eit 2400 kvadratmeter stort utstillingslokale på toppen av det norske skiferfjellet – eit nikk til materialane som er brukt i mesteparten av bygget. 

Arkitekten var fasinert av muligheten for å laga Lyshallen i marmor, eit materiale som blir brukt i ulike delar av museumsbygget, sjølv om det gjennom heile planleggingsfasen blei lagt fleire løysingar på bordet. 

Statsbygg og arkitektane utforska blant anna resirkulert glass, ein ide alle var interessert i å sjå nærare på. For å teste det, blei det laga ein modell på cirka 5 x 5 meter. Men modellen tålte ikkje varme, og ein sommardag, sprakk den. 

Då starta jakta på ei anna løysing. 

Midt i denne kritiske fasen blir det oppdaga at ein spesialbutikk i ei hovedgate i Søraust-Asia har plassert ei heil marmorskive inni glass som fasade rundt butikken sin, og at det var mogleg å framstille det som eit industrielt produkt. 

Dermed falt alt på plass. 

Lyshallen er ein eksepsjonell konstruksjon. Veggene i lyshallen består av cirka 4 mm tjukke marmorskiver som er laminert mellom to glassplater, og utanpå der igjen er det sikkerheitsglass. 

Jon Geir Placht: 

Dette er jo en slags type nybrottsarbeid. 

Forteller: 

Jon Geir Placht er prosjektdirektør for Nasjonalmuseet, og har fulgt byggeprosessen tett: 

Jon Geir Placht: 

Det er store flater og vi har jo ofte varierende lys i Norge. Vi ser jo at på en solfylt dag, at vi må bruke blendingsgardinene som reduserer lysinnslippet med ca. 80%. Men det gir allikevel den gjennomsiktighetsfølelsen, som er grunntanken med veggen. 

Forteller: 

Lyshallen og kunsten den skal romma vil opplevast ulikt gjennom ulike årstider, verforhold og tid på døgnet.