Skrik

Edvard Munch
228
2 min
Datering: 1893

Transkripsjon

Forteller:

I notatboka si, datert 22. januar 1892, skildrar Edvard Munch ei sterk oppleving:

Skuespiller:

«Jeg gik bortover veien med to venner – solen gik ned – Jeg følte som et pust av vemod – Himmelen ble plutselig blodig rød – Jeg stanset, lænede meg til gjerdet mat til døden – så ut over de flammende skyerne som blod og sværd over den blåsvarte fjord og by – Mine venner gik videre – jeg sto der skjælvende av angst – og følte et stort uendelig skrik gjennom naturen.»

Forteller:

Opplevinga Munch her skildrar er utgangspunktet for biletet du står framfor no.

Dei blodraude linjene i maleriet har blitt samanlikna med lydbølgjer, som om Munch forsøkte å male lyden av eit skrik i naturen.

Den forvridde og fortvila figuren som møter oss i Skrik er universell og kjønnslaus, og på den måten kan alle, uansett alder, kjønn og bakgrunn kjenna seg igjen. Biletet treff noko allment, men samstundes einsomt. 

Skrik er eit av verdens mest kjente kunstverk, og er blitt eit universelt symbol på angst og redsel. Du kan finna motivet på alt frå kjøleskapsmagnetar til skrekkfilmar, og det har som eitt av svært få kunstverk til og med fått sin eigen emoji. Over hundre år etter at Munch hadde sin voldsomme opplevelse brukar millionar av menneske ikonet han skapte til å uttrykkja angst når dei kommuniserer. 

Det fins fleire ulike versjoner av Skrik. Biletet her på Nasjonalmuseet er malt i 1893, og blir rekna som det aller første. Skrik er laga med tempera-maling og fettstift på papp, som no er så skjør at lyset i dette rommet må vera dunkelt, for at biletet ikkje skal gå i oppløysing.