Livsfrisen (synstolkning)

Edvard Munch
4 min

Transkripsjon

Beskrivelse 

Livsfrisen  

Kunstner: Edvard Munch 

Rommet er mørkt blått. Det er et rektangulært rom hvor Munchs malerier henger på alle de fire veggene. I sentrum av rommet står to benker. Når du kommer inn i rommet henger maleriet Livets dans på veggen rett foran deg. Bildet Skrik henger til høyre og maleriet Madonna til venstre for Livets dans. Hele denne veggen viser verk fra Livsfrisen. 

Forteller: 

Den 12. november 1892 åpnar Edvard Munch utstilling i Berlin. Straks dørene til lokalet har åpna, høyrer han latter og kviskring blant publikum. Folk syns bileta er latterlege og groteske, og at dei framstår som uferdige og skisseaktige. Utstillinga blir ein skandale, og etter berre nokre dagar blir den boikotta og stengt. 

Men ustillinga gjorde også Munch berømt. Han slår seg ned i Berlin, og året etter held han ei ny utstilling i byen, der han for fyrste gong presenterer ein serie bilete med kjærleik som tema. Dette skulle bli starten på det som seinare utvikla seg til Livsfrisen – ein serie bilete der Munch med utgangspunkt i eigne erfaringar ville male det moderne menneskets sjeleliv.

I eit eige kunstnerisk manifest, datert 1889, kom Munch med følgjande erklæring: 

Skuespiller: 

«Der skal ikke lengere males interieurer og folk som leser og kvinner som strikker. / Det skal være levende mennesker der puster og føler og lider og elsker – / Jeg skal male en række rekke slike bilder / Folk skal forstå det hellige ved det og de skal ta hatten af som i en kirke.»  

Forteller:  

Munch sin måte å mala på er ein reaksjon på realismen – som etterliknar den ytre verkelegheiten – og som var den rådande kunstbevegelsen på slutten av 1800-tallet. Munch seier at han ønskjer å framstille det menneskelege med dets lidelser og følelser i staden for å male den ytre naturen. 

I ein serie bilete, som over tretti år etter skandaleutstillinga i Berlin skulle få namnet Livsfrisen, ville Munch uttrykke eksistensielle tema som kjærleik og tap, seksualitet, smerte og einsemd, liv og død. 

Serien inkluderer fleire av Munch sine mest kjente arbeid, som Madonna, Livets Dans, Døden i sykeværelset og det ikoniske Skrik.   

Bilete som enkeltvis kunne framstå som uforståelege, ville bli meir begripelege når dei blei plassert i ein samanheng, meinte Munch. Slik kan du som ser på, lesa bileta nesten som ein språkleg tekst eller teikneserie – der alle bileta tilsaman skapar ei større forteljing, om livets gleder og sorger.  

Munch sa sjølv at han rekna billedserien som ein av dei viktigaste – om ikkje den viktigaste – av sine verk.