Ein liten og spesifikk marknad

Inspirert av den franske revolusjonen
Den fyrste 17. mai-feiringa går av stabelen i Trondheim på tiårsjubileet til grunnlova i 1824, og mest truleg har også 17. mai-vesten i Nasjonalmuseet opphavet sitt i Trondheim.
Sjølv om Noreg hadde eiga grunnlov, var det unge landet framleis i union med Sverige, under kong Karl III Johan.
Den svensk-norske unionen skil seg frå den tidlegare unionen Noreg var i med Danmark. Der Danmark-Noreg var ein tvillingstat, og delte alt, er unionen med Sverige ein personalunion. Det vil seie at landa deler konge, men Noreg har eiga grunnlov, eigne offentlege etatar og er ganske sjølvgåande.
«Dette var ikkje formildande for dei som ville ha eit heilt sjølvstendig Noreg», fortel Janne Arnesen, «grunnlova blir eit brekkjern i dette, og difor vart feiringa av ho så sentral.»
Etter den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet, hadde ideen om «fridom, likskap og brorskap» spreidd seg til resten av Europa.
«Dette snudde opp ned på det gamle regimet, der konge, overklasse og overmakt styrte. No var det folket som skulle opp og fram», forklarar Janne.
Feiringa av 17. mai spreidde seg til fleire norske byar, og utover 1820-åra vart markeringane prega av opptøyar og spetakkel. Dette fall ikkje i god jord hjå kongen.
«Karl Johan var jo ikkje begeistra over at nordmennene saboterte den, etter hans meining, veldig gode unionen», seier Arnesen.
Det gjekk så langt at stortingsrepresentantar vart bedne om å ikkje delta på feiringane, og i 1828 vart det ulovleg med offentleg feiring. Det hindra ikkje nordmenn med patriotiske og revolusjonære tankar, då dei ville feira grunnlova året etter forbodet tredde i kraft.
«Det var nok ei forventning om markering av dagen, og det vart knallharde frontar då ein skjønte at det var heilt feil. Det er jo der det går ganske gale på Stortorget», fortel Janne Arnesen.

Sabelslag, kavaleri og dampskip

Revolusjonær mote

Radikal blåfarge
Kva er Noreg?
