Aasta Hansteen – ein feministisk flyktning

Aasta Hansteen var den første kvinna i Noreg som levde av kunsten, som tok talarstolen OG som publiserte tekster på nynorsk. Ho nekta å føye seg etter si tids kvinneideal og flykta utanlands då kvinnekampen i Noreg vart for slapp.

Tekst av kommunikasjonsrådgjevar Ellisiv Brattfjord

Hansteen vart mobba og møtte motstand heile livet. Forfattar, feminist og Hansteen-fan, Marta Breen, meiner vi kan lære mykje av kunstnaren sitt pågangsmot.

Kva er det kulaste med Aasta Hansteen?

– Det eg liker aller best med Aasta Hansteen er at ho verka så kompromisslaus. Sjølv om ho gjennom heile livet vart trakassert og forsøkt korrigert, så heldt ho på sitt. Ho nekta å føye seg etter datidas underdanige kvinneideal, og følgde sin eigen veg og moral.

Kva var hennar viktigaste bidrag til kvinnesaka?

– Eg vil seie at ho bidrog på to ulike måtar: Både som teoretikar, blant anna i boka «Kvinden skabt i Guds Billede», der ho argumenterer sterkt mot kyrkja sitt kvinnesyn, men også med eigen livsførsel. Ho viste kvinner og menn i Kristiania at det faktisk var mogleg å velje eit liv som sjølvstendig kvinne, kunstnar og intellektuell, utan å inngå ekteskap eller opptre som ei føyeleg kvinne.

Dette selvportrettet malte Aasta Hansteen som 20-åring i 1844. © O. Væring Eftf. AS
Foto: O. Væring Eftf. AS

«Kvinden skabt i Guds Billede»

  • Bok og foredrag skriven av Aasta Hansteen.
  • «Kvinden skabt i Guds Billede» vart utgjeven i 1878, og i utvida utgåve i 1903.
  • Her argumenterte Hansteen, med utgangspunkt i 1. Mosebok kapittel 1,28, for at kvinna også var skapt i Guds bilete, og at Gud då måtte vere like mykje kvinneleg som mannleg.

«Den sag som kaldes kvindesagen, dette arbeide som drives over hele den civiliserede verden for at forbedre kvindernes stilling og indsætte dem i deres naturlige rettigheder, denne sag har sine modstandere, som fremstille den paa en saa forvendt og karikaturagtig maade, at man har ondt for at tro, at det virkeligt er deres opfatning de kommer frem med, man nødes næsten til at tro, at der er ond vilje med i spillet; det vil da sige, at de slaa sig dumme, som man siger, for ikke at ind.rømme det berettigede, det uendeligt berettigede, i dette arbeide, for at frigøre kvinderne fra for.domenes tryk. Denne sag har mandlige modstandere og kvindelige modstandere. Jeg ved ikke hvem af disse som er værst.» - utdrag frå boka.

Aasta Hansteen, «Professor Christopher Hansteen», 1853.
Foto: Nasjonalmuseet

Dette portrettet av faren til Aasta Hansteen var eit av dei aller første verka av ein kunstnar som også var kvinne, som vart kjøpt inn til Nasjonalgalleriet.

Korleis var miljøet Hansteen var ein del av i Kristiania?

– Ho vaks opp i overklassen, og faren var ein anerkjend vitskapsmann. Sjølv om forholdet til faren var godt, skildra ho miljøet ho vaks opp i som elitistisk og kalla det det ein «åndeleg ørken». Hansteen var frustrert over at kvinnesaka var kommen så kort veg i Noreg, og det var mykje av grunnen til at ho stadig reiste til utlandet. Først som kunststudent i Europa, etter kvart  som «feministisk flyktning» til USA.

Aasta Hansteen, «Karoline Ewald». © O. Væring Eftf. AS
Foto: O. Væring Eftf. AS

Kva møtte henne då ho emigrerte til USA for ein periode?

– Hansteen var ei godt vaksen dame då ho kom til USA. Ho freista å livnære seg som portrettmalar, men det var vanskeleg å få det til å gå rundt. Ho sleit dessutan med språket, og det var nok grunnen til at ho vanka mest i norsk-amerikanske kretsar. Men ho elska å følgje med på den amerikanske kvinnerørsla som ho hadde beundra i fleire tiår allereie. Ho oppsøkte møter og samankomstar og let seg imponere stort av sjølvtryggleiken til dei amerikanske kvinnene når dei tok scena med sine talar. Aasta hadde jo sjølv vore den aller første kvinna i Noreg som heldt offentlege foredrag, men ho vart stort sett bua ut, ettersom folk syntest det var skandaløst av ei kvinne å ta ordet offentleg.

Aasta Hansteen i 1865.
Foto: Divert Dedechen Brun. Høyrer til Oslo Museum.

Aasta Hansteen

  • Levde: 10.12.1824–13.04.1908
  • Utdanna seg til kunstnar under privat undervisning i København, München, Düsseldorf og Paris.
  • Malte mest portrett, men også store, bibelske scener.
  • I tillegg til å vere første norske kvinne med profesjonell kunstnarutdanning, var Hansteen også første kvinne som fekk tildelt stønad frå norsk statsstipend for kunstnarar og vitskapsfolk. Dette brukte ho til eit års studie i Paris.
  • Ho deltok som einaste norske kvinne med fire bilete på Verdsutstillinga i Paris i 1855.
  • Hennar portrett av faren, Christopher Hansteen, vart kjøpt inn av Nasjonalgalleriet i 1880 og ho vart dermed den første norske kunstnaren som også var kvinne, som vart kjøpt inn av museet.

Korleis var det å vere kunstnar og kvinne på den tida Hansteen levde?

– Datidas kvinnelege kunstnarar møtte mange utfordringar: Ettersom dei viktigaste kunstakademia i Europa var stengd for kvinner, måtte dei oppsøke dyrare private alternativ. Undervisninga gjekk ofte føre seg i kunstnaren eller professoren sitt private atelier. Sidan ein kvinneleg elev ikkje kunne vere åleine med ein mannleg lærar, måtte dei unge kvinnene halde saman i par eller små grupper. Kvinnene fekk ikkje lov til å teikne med nakenmodellar, og det var forventa at dei la penselen på hylla så fort dei vart gift.

– Hansteens malestil vart sett på som ukonvensjonell: Den var noko meir robust enn det som var vanleg, og ho la vekt på personlegdom og særprega uttrykk hos modellane, framfor å idealisere. Dette fall ikkje alltid i smak hos publikum, og ho fekk ofte negativ kritikk for sin kunst. Sjølv foretrakk ho å jobbe med store visjonære scener og bibelske motiv, men dette vart også møtt med skepsis i kunstmiljøet: Ein så helst at kvinner malte portrett eller små stilleben med innandørsmotiv.

Aasta Hansteen, «Azora Laurette Bull, født Wittrup», 1853.
Foto: Nasjonalmuseet

Kvifor bør fleire folk kjenne til Hansteen?

– Aasta Hansteen var ein pioner på fleire område, ikkje berre var ho den første norske kvinna som tok talarstolen, ho var også første norske kvinne som fekk profesjonell utdanning som kunstmalar. Og – til tross for at ho kom frå Kristiania sitt borgarskap – vart ho den første kvinna som publiserte tekster på nynorsk.

Marta Breen

  • Norsk forfattar, journalist og feminist, født i 1976
  • Har skrive fleire bøker, mellom andre: Radka Toneff – hennes korte liv og store stemme (Kagge Forlag, 2008), Piker, vin og sang: 50 år med jenter i norsk rock og pop (Spartacus Forlag, 2009), Født feminist: hele Norge baker ikke (Gyldendal, 2014), F-ordet. 155 grunner til å være feminist (Manifest, 2015) saman med Madeleine Schultz og Jenny Jordahl, Rumpefeiden (Manifest, 2016) saman med Jenny Jordahl, 60 damer du skulle ha møtt: norsk kvinnehistorie for deg som har det travelt (Manifest, 2016) saman med Jenny Jordahl, Kvinner i kamp (illustrert av Jenny Jordahl) (Cappelen Damm, 2018), Kvinnekamp : Foreningen Skuld: Norges første bøllekurs (Nasjonalbiblioteket, 2018), Om muser og menn (Spartacus Forlag, 2019), Hvordan bli (en skandinavisk) feminist, (Cappelen Damm, 2020)
  • Lagar podkasten «Patriarket faller» med Anette Garpestad.
Marta Breen
Foto: Maria Gossé
To menn støtter en tredje som har hendene mot himmelen
Aasta Hansteen, «Moses ber om seier støttet av Aron og Hur», 1856.
Foto: Fra samlinga til Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa.

Det står skrive om Hansteen, i «Byoriginaler»: «Jeg tror nok at Aasta Hansteen kanskje manglet sex-appeal og it, hun var jo rent ut mannevond. Impulsiv var hun og hadde et barskt humør. Jeg har sett henne danse can-can med Randi Blehr i kvinnenes stemmerettsklubb, og det var grotesk!»

Dette er jo fordommar som kvinner kan møte den dag i dag, om dei ikkje oppfører seg på «riktig» vis. Kan det at ho vart skildra på denne måten og dermed ikkje sett på som «kvinneleg nok» for si tid, ha bidratt til at ho vart underanerkjent som kunstnar?

– Hansteen viste ingen vidare interesse for menn – og vice versa. Ho braut mot nær sagt alle av si tids normer for borgarskapets kvinner, og vart stempla som «uregjerlig».

I samband med utgjevinga av «Kvinden skabt i Guds Billede» reiste ho rundt i Norden og heldt forelesningar, noko som vart sett på som skandaløst: Kvinner skulle halde seg i heimen og ikkje snakke offentleg. Berre det å sjå ei kvinne på ein talarstol var nok til å få folk til å peike og le, mange møtte opp på foredraga berre for å gjere narr av henne. Aviser som Aftenposten og VG trykka stygge karikaturteikningar av Aasta og harselerte med utsjånaden hennar.  Ho vart forfølgd av gutegjengar på Karl Johans gate, og ho bar alltid med seg ein paraply eller liten ridepisk for å beskytte seg mot angrep. Også som kunstnar opplevde ho at kritikken av verka vart sausa saman med utsjånaden, personlegdomen og folks bilete av henne som ein eksentrisk person. 

Kva kan norske feministar lære av Hansteen i dag?

– At vi må våge å vere litt upopulære. Om folk stemplar deg som «rødstrømpe» eller «Ottar-dame», la dei gjere det. Det får vi berre tole. Det viktigaste er at vi tør å seie ifrå om urettferd når det trengs.

Litteratur: