
Tørreins med svamp
Heile trykket var limt på eit lerret, som hadde byrja å smuldre opp i kantane. Før Marie Kleivane kunne våtbehandle papiret måtte ho fjerne lerretet.
Fyrst reinsa ho trykket med ein sotsvamp, for å fjerne smuss og sot på overflata.
– Det er ein spesialsvamp som er mykje brukt i papirkonservering fordi den er effektiv og ikkje smuldrar opp, fortel ho.
For å unngå at støv og rusk skulle drysse av vidare i prosessen støvsugde ho også baksida av lerretet.
Fjerning av lerret
Oppdeling

Vasking
Dei oppdelte arka blei så vaska i mellom tre og fire omgangar i deionisert vatn – ein type vatn som er behandla slik at det er reinare enn det som er i springen.
– Er du ikkje redd for at papiret skal gå i stykker når du vaskar det?
– Dei ligg heilt i ro i badet, forklarar Kleivane. – I tillegg bruker vi eit syntetisk støtteark under arket, og er svært forsiktige når vi rører ved det. Med for mykje rørsle og handtering kunne ein jo risikert at det blei papirmache.
Ho forklarar at papirfibrane blir haldne saman ved at dei ligg på kryss og tvers om einannan, i tillegg til bindingar på molekylært nivå. Papir som vi skriver og trykker på er også tilsett litt lim for å hindre at blekket flyt utover. Sjølv om noko av limet blir skylt ut i vatnet, så blir det meste igjen i papiret.
– I dei fleste tilfelle ved våtbehandling er eg meir redd for teikninga eller trykket enn sjølve papiret.
Samstundes understrekar Kleivane at ein alltid tek litt risiko.
– Sjølv om vi gjer ulike testar i forkant er det aldri ein garanti for eit godt resultat.

Tørking
Dublering

Siste hand på verket
Nokre områder i motivet var vekke alt før behandlinga, i tillegg til rifter og bitar som hadde flytta seg under behandlinga.
– På desse områda var det lyse japanpapiret svært synleg, så eg bestemde meg for å dempa desse partia, seier Kleivane.
Her brukte ho ei slags masse av cellulosepulver og fargeblyantar.
Resultatet
