Tekst av Ådne Dyrnesli, redaksjonen
Kari Nissen Brodtkorb (f. 1942) lét seg ikkje skremme då arkitekturprofessoren hennar i 1960-åra erklærte at arkitektur er så krevjande at «alle små piker i denne sal bør ta første tog hjem». I staden tende kommentaren det feministiske engasjementet hennar.
Brodtkorb kan sjå tilbake på ein lang karriere, mellom anna dreiv ho sitt eige arkitektkontor i over 30 år, frå 1985 til 2018. Ho har bygd mykje og stort og har vunne prisar for både arkitekturen og motstandsviljen sin.
– Brodtkorb tør å seie nei og gir seg ikkje utan kamp, seier leiar i Oslo arkitektforening senior, Inger Stray Lien. – Og stort sett vinn ho.
Nyleg fylte Brodtkorb 83 år, og dagen blei feira i dansestudioet. Dansen har ikkje berre hjelpt henne å stå støtt i vanskelege situasjonar, men han har òg gitt henne romforståinga som krevst til å teikne rom som er gode å vere i.

Kroppsleg rørsle
Vi møter Kari Nissen Brodtkorb i vårsola ved Stranden, ytst på Aker Brygge, som blei tildelt Houens fonds diplom i 1994.
– Det er ikkje inspirert av ein båt, slik mange trur, seier arkitekten og peiker opp på det smale hjørnet, som peiker ut mot fjorden og bøyer seg opp mot den blå himmelen.
Stranden husar 25 000 kvadratmeter med kafear, restaurantar, kontor og leilegheiter og er bygd i teglstein og stål. Øvst på bygget er det ein kurva kant i tre.
– Forma er inspirert av ein arabesk, ein posisjon i balletten, seier Brodtkorb og svingar den eine armen bak og den andre fram og opp med vande rørsler.
Då Brodtkorb var professor ved Arkitekthøgskulen, underviste ho elevane i dans. Ikkje alle skjønte poenget med det, særleg ikkje gutane, fortel ho.
– Men fleire har komme til meg seinare, etter dei har begynt å arbeide som utøvande arkitektar, og takka for det.
Sjølv dansar ho framleis sju timar i veka og har ikkje tenkt å slutte.
– Om du ikkje har eit forhold til kroppsleg rørsle, kan du ikkje skape gode rom.
Intuisjonen til handa
Praksis i Italia
Feministisk engasjement
Invitert med kona

Lett og sterkt


Huset ho ikkje teikna
Brodtkorb har ikkje hatt for vane å gi opp, men på eitt prosjekt gav ho seg likevel.
22. april 1996 kunne ein lese følgjande i Aftenposten om Arkitektkontoret Kari Nissen Brodtkorb: «Bryter med Storebrand».
Kontoret hennar hadde ansvar for bustaddelen av forsikringsselskapet sitt byggjeprosjekt på Filipstad i Oslo, men Brodtkorb meinte at entreprenøren ikkje lét henne gjere ein ordentleg jobb.
– Om du ikkje har kontroll med det du gjer, kan du like godt la vere, seier ho i dag.
Til avisa uttalte ho at det «kreves omfattende arbeid for å forme et bygg av høy arkitektonisk kvalitet. Det har i praksis ikke vært mulig å nå frem til forståelse for dette forhold».
– Det skulle gå fort, held ho fram. – Dei trengde ikkje detaljerte teikningar, for det skulle berre feiast opp.
I ettertid blei Brodtkorb lønna med Ondurdis-prisen for huset ho ikkje teikna. Juryen trekte fram at det var førebiletleg å vise «at det går an å si nei til prosjekter som går mot byens liv».
Når Kari Nissen Brodtkorb no ser tilbake, er ho mest glad for solidariteten ho opplevde frå andre norske arkitektar.
– Entreprenøren var svensk, fortel ho. – Då eg trekte meg, var det ingen norske arkitektar som hoppa på. Det var ein svensk arkitekt som kom inn og teikna noko tilsvarande.