
– Etter Hamsun er det vanskeleg å sjå at vi har hatt ein større kunstnar enn Sverre Fehn, seier Ulf Grønvold, tidlegare leiar for Nasjonalmuseet, Arkitektur i NRK-dokumentaren «Sverre Fehn, arkitekt».
I 1997 blei Sverre Fehn tildelt Pritzkerprisen, som er rekna som «arkitekturens nobelpris», for sine «varige og utmerkede bidrag til menneskeheten» gjennom karrieren si som arkitekt.
Fehn teikna ei rekke einebustadar og museumsbygg, mellom anna Villa Schreiner og Storhamarlåven i Hamar, men mest kjend er han for Den nordiske paviljongen i Venezia, som stod ferdig i 1962.
– Med Venezia-paviljongen er han Noregs mest kjende arkitekt nokosinne, fortel Joakim Skajaa, kurator samling og utstilling på Nasjonalmuseet.
Paviljongen syner fram kunst og arkitektur frå Norden og blir besøkt av titusenvis av menneskje under Veneziabiennalane for kunst og arkitektur kvart år.
Trass i dette meiner Skajaa at det er noko uforløyst over karrieren til Fehn.
– Han deltok på internasjonale konkurransar heilt frå han var ferdig utdanna. Han hadde tydelege ambisjonar på eigne vegner, og for arkitekturen sin, fortel Skajaa.
Fehn vann mellom anna konkurransen om utbygginga av Det Kongelege Teater i København, men prosjektet vart lagt på is. Nasjonalmuseet har også teikningar frå andre konkurranseutkast og urealiserte prosjekt frå Paris, Kongo og Saudi-Arabia.
– Hadde desse prosjekta blitt realiserte ville vi hatt ei anna forteljing om Fehn, trur Martin Braathen, senior kurator samling og utstilling.

Filosofisk arkitekt
Fehn sin produksjon var liten, men er kjenneteikna av eit poetisk blikk, bevisste val, og eit fokus på detaljar. Einebustadane han teikna hadde ofte spesiallaga møblar, lamper og gardiner.
– Det ligg eit ekstra lag med meining i husa hans. Ser du eit av vindauga hans, så føler du at han spør «kva er eit vindauga?», fortel Martin Braathen.
Særleg i skissene til Fehn kjem dette filosofiske fram.
– Det er nokre gjennomgåande tema. Det er betraktningar rundt døden, mennesket i verda og arkitektonisk konstruksjon som ein måte for mennesket å påverka verda på.
I fleire av skissebøkene til Fehn kan ein sjå at han har kome tilbake, med ein penn med ein annan farge, for å kommentera eigne skisser.
I tillegg til eigen praksis var Sverre Fehn tilsett hjå Arkitekthøgskulen frå 1971 til 1995.
– Evna hans til å forenkla dei mest komplekse tankerekker, som gjorde at både studentar og lærarar forstod det på ein ny måte, var ei oppleving i seg sjølv, seier Per Olaf Fjeld, som arbeidde saman med Fehn, til NRK.
Denne filosofiske sida kjem til syne allereie under studia, då han som diplomoppgåve teikna eit krematorium. Bygget var forma som ein lang betongmur. Når ein gjekk inn gjennom muren ville ein sett ut over gravene og havet, medan bygningane låg langs innsida av muren. Den avdøde si reisa, frå dei blei levert til dei pårørande fekk utlevert urna, bevegde seg langs muren. Forma på krematoriet symboliserte overgangen mellom livet og døden.
Prosjektet skapar ein relasjon til staden, fortel Skajaa, men også til noko større, som død, liv og evigheit. Fehn oppdagar tidleg at han er interessert i dei store spørsmåla rundt død, liv og mennesket sin plass i verda, og at dettte er noko han vil arbeida med.
Motstand mot det nøkterne

Internasjonal orientering
Villa Schreiner
Forteljande bygg

Historisk sus

Kritikk og konsekvensar
Skådalen skole for døve og hørselhemmede, skulle bli eit nederlag for Fehn.
I desember 1975 stod Gert Benneche sin kritikk av bygget på framsida av Dagbladet, med tittelen «Betonghelvete for døve barn». Arkitekt Peter Butenschøn kritiserte også bygget. Han meinte det var poetisk og vakkert, men at Fehn hadde bomma på brukarane.
– Fordi dette var born og unge som ikkje kunne høyra, eller høyrde dårleg, ville Fehn gje dei ekstra sanselege inntrykk for auga, uttalte Butenschøn til NRK i 2009. – Så viste det seg jo at Skådalen blei nesten ubrukeleg i fleire år, fordi borna blei for urolege. Det blei for spanande.
Etter Skådalen tok det 14 år før Fehn fekk eit offentleg oppdrag.
Ifølgje Butenschøn bestemde Statsbygg seg for å ikkje gje Fehn fleire oppdrag, fordi han var for vrang. Dei greidde ikkje handtera ein så sterk arkitekt, meiner han.
Også internatleiaren på Skådalen skole blei intervjua, Bitten Haavik Ikdahl. Ho opplevde kritikken som djupt urettferdig, og syntest Fehn lukkast godt med bygget.
– Når du kjem ut frå soveromma kjem du ut i eit opent rom, fortel ho. – Du ser kven som er til stades, du kan sjå ut og sjå om det er fint eller dårleg vêr og du ser kva som skjer på kjøkkenet. På kort tid skaffar du deg mykje informasjon.
Likevel fekk kritikken store konsekvensar for Fehn. Per Olaf Fjeld, som arbeidde på kontoret til Fehn på denne tida, skildrar det som om at det meste stoppa opp.


Store ambisjonar
I 1996 teikna Sverre Fehn vinnarutkastet til utbygginga av Det Kongelege Teater i København. Forslaget, som blei kalla Teaterfuglen, skapte også debatt. Det vart satt opp ein fullskala mock-up, slik at befolkninga kunne gjera seg opp ei meining, men prosjektet enda med å bli skrinlagt.
– Om det hadde blitt gjennomført hadde han blitt ein annan arkitekt, meiner Joakim Skajaa.
I 1997 blei Fehn tildelt Pritzkerprisen, den gjævaste internasjonale prisen for arkitektur, for karrieren sin. Likevel uteblei dei store offentlege og internasjonale oppdraga. Per Olaf Fjeld trur at det at Fehn hadde eit lite kontor, med mellom to og fem tilsette, delvis kan ta skulda.
– For å ri på den positive bølga som ein slik pris gjev, så må ein ha eit større nettverk rundt seg, seier han.
På slutten av 90-åra og byrjinga av 2000-talet teikna Fehn ein serie kulturbygg. Bremuseet i Fjærland, Aukrustsenteret i Alvdal, Aasentunet i Ørsta, Preus museum i Horten og Gyldendalhuset og Arkitekturmuseet i Oslo.
– Han hadde store ambisjonar, fortel Joakim Skajaa. – Sett i ettertid så etterlet han seg ei veldig fin portefølje med interessante prosjekt, men ein kan jo sjå for seg at når ein stod i det, og eigentleg ville teikna i Paris, men fekk teikna i Ørsta, at han ikkje var heilt nøgd. Han gav inntrykk av det, at han ikkje var heilt nøgd.