blå bildevev med frynser med fugl på
Hannah Ryggen, «Vipa på Ørlandet», 1950 © Ryggen, Hannah/BONO
Foto: Nasjonalmuseet / Frode Larsen

Det å bruke naturen ho hadde rundt seg, vart ei sjølvfølge for kunstnaren Hannah Ryggen. På Ørlandet i Trøndelag levde ho tett på naturen og farga sitt eige garn med plantar frå området.

«Vipa på Ørlandet» er døme på eit av Ryggens verk som framleis er aktuelt. Vipa er ein fugleart med lang historie på Ørlandet. Den er i dag ein sterkt trua art.

2. september kjem Hannah Ryggens «Vipa på Ørlandet» «heim» til nettopp Ørlandet. Den vesle biletveven skal stillast ut på Besøkssenter våtmark Ørland, som jobbar for å stimulere til kunnskap om våtmark, natur og kultur. Her blir det blant anna foredrag med biolog Gaute Grønstøl om våtmarksfuglen vipa og eit kunstfagleg foredrag med kunsthistorikar og prosjektleiar i Nasjonalmuseet, Rikke Lundgreen. Her byr vi på ein liten prat med dei om Ryggen, vipa og kunstens betydning for bevaring av trua natur.

Tekst av senior kommunikasjonsrådgjevar Ellisiv Brattfjord.

 

Korleis kjem naturen til uttrykk i Hannah Ryggens kunst?

– Ho brukte naturen rundt seg aktivt inn i sine verk. På Ørlandet brukte ho ull frå eigne sauar, og lin, mose, lav og andre vekstar til farging av ull. Ho var veldig oppteken av fargar i verka ho vevde. Det var viktig at det var plantebaserte fargar, sidan desse hadde kvalitetar kjemisk farga ull ikkje hadde, fortel Rikke Lundgreen.

Var Ryggen oppteken av vern av naturen?

– Ho var oppteken av naturen og forholdet mellom menneske og natur. Ryggen trakk tematikkar frå nærmiljøet, naturen og dyr inn i verka sine. Ho var også veldig politisk og følgde politiske hendingar i samtida tett. Ho var oppteken av både det store og det komplekse, samtidig som ho vevde det mindre og kvardagslege, seier Lundgreen.

Hannah Ryggen

  • Fødd 21. mars 1894 i Malmö.
  • Var ein av dei fremste vevkunstnarane i Norge på midten av 1900-talet.
  • Nasjonalmuseet har 17 verk av Ryggen i samlinga.
  • Nasjonalmuseet kjøpte inn «Vipa på Ørlandet» i 2019.
  • Verket blir stilt ut på Ørlandet 2. september 2021, som del av «Norge rundt med Nasjonalmuseet».
  • Ryggen døde 2. februar 1970 i Trondheim.

Les meir om Hannah Ryggen i samlinga på nett

Kva var Ryggens forhold til heimplassen Ørlandet?

– Hannah Ryggen hadde eit nært forhold til Ørlandet og Norge sjølv om ho opphavleg var svensk. Ho brukte ord som «Ørlandssol» for å skildre det spesielle landskapet på Ørlandet. Ho var veldig merksam på dyrelivet, som fuglane og naturen på Ørlandet, seier Lundgreen.

Vipa i Noreg i dag

  • Den norske bestanden av vipe har avtatt dramatisk dei siste 20–30 åra.
  • I 1994 blei bestanden estimert til rundt 60 000 par. Det siste nasjonale estimatet er på 7 500 til 10 000 par. Regionale teljingar viser at denne nedgangen har fortsett fram til i dag.
  • I 2015 blei raudlistekategorien til vipa auka frå "Nær trua" til "Sterkt trua".
  • Bestanden er fortsatt synkande, og nyleg har Ekspertkomité for fugler i Norge tilrådd å justere opp vernekategorien til vipa til "Kritisk trua" ved neste revidering av Raudlista.

Kilde: Biolog Gaute Grønstøl

Kva er statusen for våtmark i Noreg i dag?

– Generelt har våtmarksområde i landet forsvunne jamt og trutt. Arealet av myr og anna våtmark var i 2013 ca. 19 000 km2, som er vesentleg lågare enn i 1940, då var estimatet på rundt 30 000 km2, seier Gaute Grønstøl.

Kva truar denne naturtypen og kvifor er den viktig å bevare?

– Våtmarksområde er under press frå jordforbetringstiltak, grøfting og drenering, gjenfylling og utbygging. Våtmark er ein viktig biotop for mange artar. Alle artar treng vatn, og ein del artar er meir avhengige av vatn enn andre. Om lag 15 prosent av dei trua artane våre (174 arter) held til i våtmark. Forsvinn våtmarkene våre, vil vi miste slike artar, fortel han.

Kva kan kunsten bety for bevaring av sårbar natur?

– Kunsten kan hjelpe til med å rette fokus mot sårbar natur som vi er i ferd med å miste. Dette er viktig – mykje av det som forsvinn (og som har forsvunne) av biologisk mangfold, økosystem og leveområde er artar og miljø som mange ikkje kjenner og som sjølv ekspertar ikkje har full oversikt over. Slike verdiar får gjerne eit for dårleg vern, så då er det fort gjort å miste verdiar som vi kanskje ikkje eingong visste vi hadde. Vern står ofte i konflikt med inntening og ressursutnytting. For å få til vern må ein rette fokus mot sårbar natur, og få folk med på å verdsetje naturmiljøa høgt nok til at ein får verna dei sjølv om nedbygging vil gje meir økonomisk avkasting. Eg trur at kunsten kan bidra til ein slik verdsetting av natur, avsluttar Grønstøl.

Gaute Grønstøls kilder:

  • Heggøy og Øien, 2014: Vår Fuglefauna 37
  • Norsk fugleatlas
  • NOU 2013 :10
  • Klima- og miljødepartementet