«Lállit boahttevuoda / Å ruge en framtid» av Ingunn Utsi


«Peri» av Linn May Saeed
Nasjonalmuseet har kjøpt inn den kvitmåla bronseskulpturen Peri av Linn May Saeed (1973–2023). Verket viser ein liten villhund med store øyrer. Namnet Peri er henta frå persiske fortellingar: Parī er ein vakker skapning med venger, som også har skumle sider, og som kan straffe og bortføre folk.
Peri er typisk for Saeed sine skulpturar, som ofte er små, modellert i isopor og støypt i bronse.
Saeed sin kunst dreier seg alltid om dyr, deira rettar og kva plass dei har i verda. Den tysk-irakiske kunstnaren deltok aktivt på det internasjonale kunstfeltet fram til sin død i 2023, og interessa for kunstnarskapet har halde fram å vekse dei siste åra.
«Norwegian Sweater» av Celia Pym


«Konglomerat» av Eirik Gjedrem
Eirik Gjerdrem (f. 1957) har lang fartstid som keramikar bak seg. Han har vore tru mot uttrykket sitt, og forsiktig forfina og utvikla formspråk og materialbruk.
Havet har heile vegen vore ei viktig inspirasjonskjelde. Verka skildrar ikkje konkrete ting frå djupet, men han bruker havet som eit utgangspunkt for abstrakte form- og fargetolkingar.
Gjerdrem sine skulpturar frå 90-åra er duse i fargane og mjuke i formane, og kunne gje assosiasjonar til sandbotn, korallar og sørlege strøk. Dei nyare verka, som Konglomerat, har ru overflater og eit røffare og meir fargerikt uttrykk, som kan minna meir om havbotn langs kysten i Noreg.
«At the Blue Hour» av Goutam Ghosh


«Bonderoser» av Frida Hansen
Mønsteret Bonderoser er designa av Frida Hansen, og demonstrerer Hansen si insistering på mønsterteikning som ein eigen kunstnarisk disiplin.
Hansen hadde djuptgåande kjennskap til håndverksfaget. Det var viktig for ho at billedvev ikkje skulle bli vevde måleri, men ha eit sjølvstendig kunstnarisk uttrykk. Difor tilpassa ho mønsteret til materialet og teknikken ho jobba med.
Motivet er stiliserte stokkroser, som også er kjend under namnet bonderoser. Tekstilet er i oppstadvev, ein teknikk Frida Hansen bidrog til å gjenoppliva, som ein del av den såkalla vev-renessansen. Det er vevd i 1899 på Det norske Billedvæveri, der Hansen var direktør, og som tilsette kvinnelege kunstnarar som både mønsterteiknarar og vevarar.
Det er usikkert kor mange eksemplar som blei produsert av Bonderoser. Nasjonalmuseet sitt eksemplar blei brukt som møbeltrekk i ein innebygd hjørnebenk i ei stor og staseleg peisestova i feriehuset Appendix, teikna av arkitekt Lilla Hansen.

«Portrett av Benedikte Sophie Kaltenborn» av Asta Nørregaard
Asta Nørregaard (1853–1933) sine portretter er i verdsklasse, og særleg utmerka ho seg i framstillinga av born og kvinner i pastell. Ho portretterte fleire kjende personar, og portretta hennar har difor også kulturhistorisk interesse.
Nasjonalmuseet har sikra seg Nørregaard sitt portrett av Benedikte Sophie Kaltenborn, født Rustad. Måleriet er måla det året ho fylte 19 år. Far hennar, Hans Leopold Rustad, hadde militær bakgrunn og var knytt til hoffet som adjunkt for kong Oscar II.
Portrettet frå 1898 er eit godt eksempel på pastellteknikken som Nørregaard perfeksjonerte på denne tida. Særleg eignar pastell seg til å få fram detaljar og overflater i hud, klede og tilbehøyr. Dette ser ein i gjengjevinga av kjolen sin rike rysjekant og dei blå blomane. Nørregaard var sjølv ei dyktig syerske, og oppdatert på det siste i mote.
Portrettmåleriet blir ein del av Asta Nørregaard-utstillinga på Nasjonalmuseet, som opnar i 2026. Utstillinga kjem til å ha eit eige rom via til pastellar. Nørregaard sat modell for Harriet Backer sitt hovudverk Blått Interiør, som no vises på den store Harriet Backer-utstillinga på Musée d’Orsay i Paris.
«White Lodge» av Signe Marie Andersen
