Arkitektoniske teikningar, modellar og fotografi frå Østgaard Arkitekter og Terje Grønmo
Glasmåleri av Emanuel Vigeland


«Mouth (1)» av Cato Løland
Cato Løland (f. 1982) har i fleire år arbeidd med tekstilskulpturar av billige materialar som han finn, som tekstilar og trådar. Desse vevar, syr og knyt han saman på ulike måtar.
Skulpturen Mouth (1) frå 2024 har eit skjelett av stålnetting som er kledd i fleire lag av tekstil. Løland arbeider med hendene og improviserer ved å legge til og fjerne tekstil til han får ynskt uttrykk.
Verket kan likne på ei venge eller ein annan organisk form, kanskje ei hand, ein foss eller ein elvemunning?
«En dag i familiens Manns liv» av Pushwagner


Metallmåleri av Anna-Eva Bergman
Nasjonalmuseet har fått måleriet No 89 – 1958 av Anna-Eva Bergman (1909–1987) i gåve.
Måleriet er «måla» med bladmetall, noko som skulle bli Bergman sin singaturstil. Ho hadde eit ynskje om å bruka metalloverflatene til å skapa lys i måleria. Dei abstrakte motiva har rot i natur; stein, tre og fjell, men også i arkitektur, litteratur, segn og myter.
1958 var eit viktig år i Bergmans liv og kunstnarskap. Ho hadde etablert seg på kunstscena i Paris, og hadde si fyrste utstilling på det prestisjefylte galleriet «Galerie de France», som representerte spydspissen av abstrakt måleri.
No 89 – 1958 er representativt for denne perioden i Bergmann sitt kunstnarskap, med sine forenkla former. Det er ein spiss og takkete formasjon, som kan minne om fjell, mot ein nøytral bakgrunn. Dei metalliske overflatene bidreg til ei skimrande og nærmast vibrerande overflate, som er typisk for Bergman.
«Fragment» av Otto Künzli
To videoverk av Kjersti Vetterstad

