Nye tilskot til samlinga oktober–desember 2024

Kvart år kjem det hundrevis av nye verk inn i Nasjonalmuseet si samling. Her er nokre smakebitar frå oktober–desember 2024.
Strikketøy av Robert Torrisen og Helle Siggerud
Nasjonalmuseet har kjøpt inn Lise sine vottar av Helle Siggerud og Norlenderlesten av Robert Torrissen.
Helle Siggerud (f. 1966) har i mange år arbeidd som bunadsskreddar, og er inspirert av folklore og tradisjonelle mønster. Lise sine vottar er tenkt som eit stasplagg, med perler og dekor som frå gamalt av skulle verne mot vonde krefter. Siggerud har gitt ut bøkene Strikk til alle tider i 2018 og Strikk til alle anledninger i 2020.
Robert Torrisen (f. 1987) jobbar som fiskar, men lærde seg tideleg å strikke og har dei siste åra hatt med seg strikkepinnane på sjøen. Han hentar inspirasjon frå fjæra og havet, og verdset det autentiske handverket høgt. I ein periode tilbragte Torrissen mykje tid på sjukehuset med sin nyfødde son, og han plukka opp strikkinga som noko handfast i ei kaotisk tid. I 2021 gav han ut boka Hardlandske strikk-maritime plagg for hele familien.
Eline Waage Mikalsen og Melanie Kitti
Nasjonalmuseet har kjøpt eitt lydverk av Eline Waage Mikalsen (f. 1992) og to skulpturar av Melanie Kitti (f. 1986) frå utstillinga «gos earát ledje duolbman lei mearka mis / der andre hadde tråkket var det avtrykk i oss» på Oslo Kunstforening.

Waage Mikalsens lydverk, 97 dain sániin / 97 av ordene, startar med fragmenterte lydar av pust og feltopptak frå naturen. Innimellom kan ein høyre stemmer, og ana ei ordveksling mellom to kvinner. Tittelen spelar på språkkort som Mikalsen lagde for å lære seg meir om samisk språk.
Sjølv seier Mikalsen at «Den samiske historien er full av hull. Men lyden kan være som en tidsmaskin og få tidene til å bevege seg mellom fortid, nåtid og fremtid.»
Melanie Kitti har arbeidd med freskomåleri, ein teknikk brukt i veggmåleri, i ei årrekke. Skulpturane hennar frå serien før skjelettet mitt fantes, før jeg fantes, fantes det en tåre. er ei vidareutvikling av denne teknikken.
I staden for å måla på vegg målar ho no på kubar av gips og strie, som er støypt i pappkartongar. Kartongen gjev etter for gipsen, og gjer at kubane er ujamne, med skavankar og skader. Kitti målar framleis med fresketeknikken ho brukte på vegg, men den får eit anna preg når motiva blir bretta rundt ein kube.
Hestar er eit motiv som går igjen i måleria til Kitti, også her, med både hestar som ser ut som dei er henta ut frå holemåleri og andre dyr.
«Brevet» av Ingerid Kuiters

Brevet av Ingerid Kuiters (f. 1939) er eit 176 cm høgt trestykke som er måla med ulike motiv som dekker nesten heile framsida.
Forma på trestykket kan minne om ei stor teikneseriekanin, med to spisse øyrer og snute. På toppen av verket er det to auge som stirrar rett på deg. Mellom auga byrjar ei sprekk i treverket. Kuiters bruker slike sprekker og former i treet som utgangspunkt for det målte motivet. Vi ser menneskjefigurar, dyr, masker og ulike formar og fargar under auga. Lengre nede finn me fleire klokker og eit einsamt brev omgitt av gråfargar og fleire auge. Eit andlet sit som ein propp i ein smalare del, før former og fargerike detaljar tek over i den nedre halvdelen av verket.
Kuiters har vore ein aktiv biletkunstnar i fleire tiår, og blei utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo på slutten av 50-talet. Ho målar på ulike typar trevirke, ofte ornamentalt og figurativt.
Dei siste åra har Kuiters vore aktuell med deltaking på opningsutstillinga til Nasjonalmuseet, «Jeg kaller det kunst», internasjonale kunstmesser og TV-serien Kunstnerliv på NRK.
«Glowing Phalanges» av Ahmed Umar
Nasjonalmuseet har sikra seg 15 skulpturar frå serien Glowing Phalanges (glødande fingerledd), av Ahmed Umar (f. 1988).
– (…) då eg lagde den fyrste, var eg verkeleg redd, seier Ahmed Umar i eit intervju med Morgenbladet.
Han fortel at sjølv om han ikkje lengre trur på verken Allah eller andre gudar, var han redd for å bli fordømt då han laga det fyrste verket i serien. Det sat lant bak i hovudet.
Familien hans måtte slutta med bønnekjeder og amulettar då dei flytta frå Sudan til Mekka.
Gipsavstøypingar av Umar si høgre hand held dei ulike amulettane. I Mekka blei han råda til å bruka nett dei fingerledda til å tella bønene sine, og fortald at ein god truande lønast med fingerledd som gløder i mørket på dommens dag.
Skulpturane er i stor grad laga av afrikanske suvenirar som Umar har kjøpt på loppemarknader, via internett og på bruktbutikkar i Noreg. Serien er ein del av det pågåande prosjektet Forbidden Prayers.
To måleri av Valborg Salvesen
Nasjonalmuseet har motteke to måleri av Valborg Salvesen (1880–1953) i gåva.
Saman med ei rekke norske og internasjonale kunstnarar var ho del av kunstnarkolonien i Concarneau i Bretagne. Angjeveleg er det her ho har måla To kvinner i landskap. Biletet er grovt måla og realistisk i framstillinga av kvinnene, kleda deira og omgjevnandane.
Salvesen måla landskap, portrett, interiør og stilleben. Måleria hennar er karakterisert av klåre fargar, brei pensel og djervt påførte målingsstrøk. Ho debuterte på Høstutstillingen i 1906, deltok på Jubileumsutstillinga på Frogner i 1914 og Verdsutstillinga i San Fransisco i 1915.
«Rosa tulipan med oldenborre» av Magdalena Fürst
Rosa tulipan med oldenborre er det fyrste måleriet av Magdalena Fürst (1650/52–1717) i Nasjonalmuseet si samling. Fürst livnærte seg av måleri, teikningar og handkolorering av botaniske trykk. På denne tida var det mange kvinner som arbeidde som botaniske kunstnarar, og berre i Nürneberg, der Fürst budde, er det anslått at ti prosent av kunstnarane var kvinner.
Fürst hadde truleg ein stor produksjon, men verka hennar er sjeldne i dag.
