Nasjonalgalleriet, Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet og Museet for samtidskunst vart slått saman i 2003.

Noregs første offentlege kunstmuseum heitte Nationalmuseet då det vart oppretta i 1837. Deretter i ei kort periode; Den norske stats sentralmuseum for billedkunst, før det fekk namnet Nasjonalgalleriet. Samanslåinga av Nasjonalgalleriet, Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet og Museet for samtidskunst i 2003 gav namnet Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. 

Museet sine visingsstader i Oslo er Nasjonalmuseet – Arkitektur og Villa Stenersen og Mellomstasjonen. Nasjonalgalleriet stengde mellombels 13. januar 2019. Kunstindustrimuseet stengde 16. oktober 2016. Museet for samtidskunst stengde 3. september 2017. 

Det nye Nasjonalmuseet opnar i 2021