Fiolinisten Ole Bull

  • Kunstner: Elisabeth Jerichau Baumann
  • Datering: 1851
  • Betegnelse: Maleri

Utstilt i: Rom 045 Samlingspresentasjonen - Tradisjonen tro

Kunstner/produsent

Elisabeth Jerichau Baumann

Billedkunstner

Født 27.11.1819 i Warszawa, Polen, død 11.07.1881 i København, Danmark

Elisabeth Jerichau Baumann er ein av dei kvinnelege pionerane innan bildekunsten. Ho kombinerte kunstnarliv med ekteskap og barnerikt familieliv.

Baumann voks opp i Warszawa, og fekk kunstutdanning i Düsseldorf, som i 1830- og -40-åra var Europas viktigaste utdanningsstad innan bildekunst. Kunstakademia tillet ikkje kvinnelege studentar, så ho var privatelev hos fleire av byens målarar. I 1844 viste ho fram sitt første måleri, som framstilte ein familie og deira nedbrente hus, eit klart sosialkritisk motiv.

Frå Roma til Danmark

Frå 1845 budde Baumann i Roma. Her trefte ho den danske bildehoggaren Jens Jerichau. Etter at han vart utnemnd til professor ved kunstakademiet i København i 1849, busette paret seg i Danmark. Dei fekk til saman ni born, to av dei vart kunstnarar. Baumann heldt fram med å måle også etter at familien vart stifta.

Innkjøpt til det britiske kongehuset

I tillegg til å vere ein feira portrettmålar, skildra Baumann scener frå dagleglivet. I byrjinga av 1870-åra reiste ho rundt i Midtausten. Skildringane hennar frå harem som ho besøkte der, fall ikkje i smak i dei nordiske landa. I resten av Europa vart kunsten hennar desto høgare verdsett, og sjølvaste dronning Victoria kjøpte eit av måleria hennar etter at dei vart stilte ut i Buckingham Palace.

Ole Bull

I Nasjonalmuseets samling finst eitt måleri av den dansk-polske kunstnaren – eit portrett av Ole Bull frå 1851. På denne tida var Bull verdskjendis og på høgda av karrieren. Med si store interesse for den tradisjonsrike norske musikken vart Bull ein sterk formidlar av folkemusikk. Han var også glødande opptatt av den nasjonale ideen om at Noreg skulle vere eit sjølvstendig land. Gjennom turnear i Europa og USA bringa han det norske ut i verda, og mykje av inntektene gav han til norske saker. På turneane spelte han også klassisk musikk, og vart sett på som ein stor fiolinvirtuos. Han laga også eigne komposisjonar, ofte basert på norske folketonar. Etter anbefaling frå Ole Bull fekk unge Edvard Grieg anledning til å ta utdanning i utlandet.

Ole Bull trakterte fiolin like gjerne som den åttestrenga hardingfela. I portrettet av Bull har Elisabeth Jerichau Baumann også «portrettert» ein av fiolinane hans. Den er eit kjenneteikn på Bulls yrke, men også eit berømt instrument. Salò/Cellini-fiolinen tilhøyrer i dag KODE i Bergen.

Verksinfo

Datering:
1851
Andre titler:
The Violinist Ole Bull (ENG)
Betegnelse:
Materiale og teknikk:
Olje på lerret
Teknikk:
Materiale:
Mål:
  • 65 x 58 cm
Emneord:
Klassifikasjon:
Motivtype:
Motiv - person:
Ervervelse:
Gave fra Christian Langaard 1893
Inventarnr.:
NG.M.00435
Registreringsnivå:
Enkeltobjekt
Eier og samling:
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Billedkunstsamlingene
Foto:
Høstland, Børre