Samlinga av design og kunsthandverk
Samlinga omfattar europeisk design- og kunsthandverk med hovudvekt på Norge. Den spenner frå antikken til i dag, og inkluderer blant anna kunsthandverk, eldre kunstindustri, industridesign, grafisk design og mote.
Det unike Baldisholteppet frå 1100-talet, den kongelege draktsamlinga, Nøstetangen glass, norsk sølv, Herrebøe-fajansen og norsk industridesign er blant høgdepunkta i samlinga.
Design- og kunsthandverksamlinga vart stilt ut i Kunstindustrimuseet inntil 16. oktober 2016. Førebuingane til opninga av det nye Nasjonalmuseet er i full gang. Samlinga skal forsvarleg pakkast og vert etter kvart flytte til det nye museet, der den vil komme til live i heilt nye samanhengar, i samspel med eldre kunst, arkitektur og samtidskunst.