Nasjonalmuseet – Arkitektur rehabiliterast

Nasjonalmuseet – Arkitektur rehabiliterast og får ny universelt utforma inngang, og er stengt for publikum til Statsbyggs arbeider er sluttført.

Nasjonalmuseet – Arkitektur viser skiftande utstillingar med historisk arkitektur og samtidsarkitektur. Museet har ei rik samling av blant anna arkitekturteikningar og modellar frå 1830-åra til i dag.

Åpningstider

Dag Åpningstider
Mandag, tirsdag, onsdag, torsdag, fredag, lørdag og søndag Stengt

Studiesalen

Ope etter avtale torsdagar kl. 10.00–15.00. Send e-post til studiesalen.ark@nasjonalmuseet.no

Bestilling av materiale frå samlinga må gjerast tre verkedagar i forkant av besøket. Materialet er tilgjengeleg i opningstida til studiesalen.

Les mer om studiesalen her

Museumsbygningen

Nasjonalmuseet – Arkitektur er ein destinasjon i seg sjølv. Museumsbygningen er ei samanstilling av klassisisme og modernisme – eit møte mellom Christian Heinrich Grosch (1801–1865) og Sverre Fehn (1924–2009), to sentrale arkitektar i norsk kunsthistorie.

Om Nasjonalmuseets arkitektursamling

  • Nasjonalmuseets samling relatert til arkitektur omfattar teikningar og fotografi, i tillegg til modellar og gjenstandar.
  • Dette er Noregs største arkitektursamling og består av meir enn 300 000 artefakter datert frå 1830-åra til i dag.
  • Sentrale namn i samlinga er: Ove Bang, Wenche Selmer, Blakstad & Munthe-Kaas, Jan & Jon, Knut Knutsen, Arne Korsmo, Christian Norberg-Schulz, Magnus Poulsson, Erling Viksjø og Sverre Fehn.

Plassering og tilkomst

  • A

    Bankplassen 3, 0151, Oslo

Trikk: 12, 13, 19 til Kongens gate
T-bane: Stortinget stasjon. Alle linjer stoppar her
Buss: 60 til Bankplassen, 30, 31 til Kongens gate, 32 til Dronningens gate

Tilgjenge i bygget

Hovudinngangen frå Kongens gate er gjenopna for publikum. 
Det er trappefri inngang til museet frå Nedre Slottsgate. I bygget er det er heis til alle etasjane.

Smittevernhensyn

Det er ikkje lenger koronarestriksjonar i Nasjonalmuseet – Arkitektur. Vi ber likevel besøkande om å ta omsyn til andre i museet. 

 

Arkitekturmuseets venneforening

Arkitekturmuseets Venner er en sjølvstendig foreining som har som formål å bidra til Nasjonalmuseet – Arkitekturs virksomhet. Alle interesserte kan bli medlem. Ta kontakt med Hans-H. Halvorsen, hans.halvorsen@hotmail.com, tlf: 917 65 608.