Ordet postmodernisme betyr «etter modernismen».

Retninga har eit samansett og komplekst stiluttrykk. Nokre av mange kjenneteikn er ein uortodoks leik med element frå klassisismen og art déco, kombinert med nonfigurative, humoristiske eller ironiserande uttrykk. Italienaren Ettore Sottsass lanserte i 1981 den radikale designgruppa Memphis, som braut med dei etablerte normene for stygt og pent. Arbeida deira var ein reaksjon på rasjonaliteten og funksjonaliteten i modernismen. Det blei sett spørsmålsteikn ved den gode smaken og det som blei oppfatta som den misjonsprega verksemda til modernismen.