Protestvesten

Under kong Karl Johan blei det ulovleg med offentleg 17. mai-feiring, men ein populær vest gjorde at ein kunne feira i skjul.

Ein vest i silke med grønt mønster på blå bakgrunn.

Tekst av kommunikasjonsrådgjevar Ådne Dyrnesli

«Den er jo litt slik «blunkblunk», du legg ikkje merke til mønsteret før du er ganske nær, eller om du har sett det før», flirer Janne H. Arnesen, som er rådgjevar samling ved Nasjonalmuseet.

I ein glasmonter i Nasjonalmuseet står ei bysta kledd i ein silkevest, med grønt mønster og blå botn. Mønsteret viser eit berg med innskrifta «XVII MAI», 17. mai, under berget ligg ein grankvist og ei bjørkegrein i kryss. I solskinet over berget reiser det seg ein fugl med utslåtte venger.

«Det er ofte tolka som det norske grunnfjellet, med ein fugl føniks som reiser seg frå oska. Det symboliserer det nye Noreg», fortel Arnesen.

Vesten er ein av seks vestar, sydd i same stoff, som var i bruk medan det var ulovleg å feira 17. mai offentleg i Noreg.

Til trass for forbodet var vesten populær, og særleg i april og mai var det mange som annonserte i avisene at dei ønskte å kjøpa «17. mai-vest».

13. mai 1826, berre fire dagar før 17. mai, vart det i Christiania Intelligentssedler annonsert at ein ønskte å kjøpa to vestar, uansett pris: «I dette Blads Expedition anvises Kjöber til tvende Constitutions-Vestetöier, og sees der ikke paa Prisen.»

«Den siste liten-desperasjonen kan me kjenna igjen i dag like før 17. mai», meiner Arnesen.

Ein liten og spesifikk marknad

På 1800-talet var det vanleg for menn å gå i langbukser, jakke og vest – kimen til den moderne dressen. Det var i vesten ein kunne uttrykka seg, enten politisk eller personleg, til dømes med brodert tekst med politisk bodskap, eller berre ved å bruka favorittfargen sin.

Det finst fleire politiske vestar frå denne tida, mellom anna ein som er eigd av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum med påskrifta «Constititution», altså grunnlov. 17. mai-vesten i Nasjonalmuseet skil seg ut i samtida ved å ha fleire særeigne trekk.

«Ordet «constitution» slik det er stava, blir brukt over heile den vestlege verda, men at det står «17. mai» tyder på ein liten og spesifikk marknad, slik skil han seg ut frå andre vestar i same tidsperiode», fortel Arnesen.

Mange slike 17. mai-vestar, sydd av same type stoff, har overlevd fram til i dag. Det kan tyda på at det var ein relativt stor produksjon. Stoffet er vevd med bindingsmønster, mest truleg i Elbenfeld i Tyskland, og er ikkje strikka, brodert eller på anna vis laga for hand.

«Han er produsert med tanke på ein veldig spesifikk marknad, nemleg nordmenn som vil feira 17. mai», forklarar Arnesen.

Inspirert av den franske revolusjonen

Portrett av Karl Johan
Christian Forssell, François Gérard (mønster), A. Fredrik Spong (utgjevar), «Karl XIV Johan», 1822.
Foto: Nasjonalmuseet/Therese Husby

Den fyrste 17. mai-feiringa går av stabelen i Trondheim på tiårsjubileet til grunnlova i 1824, og mest truleg har også 17. mai-vesten i Nasjonalmuseet opphavet sitt i Trondheim.

Sjølv om Noreg hadde eiga grunnlov, var det unge landet framleis i union med Sverige, under Kong Karl III Johan.

Den svensk-norske unionen skil seg frå den tidlegare unionen Noreg var i med Danmark. Der Danmark-Noreg var ein tvillingstat, og delte alt, er unionen med Sverige ein personalunion. Det vil seie at landa deler konge, men Noreg har eiga grunnlov, eigne offentlege etatar og er ganske sjølvgåande.

«Dette var ikkje formildande for dei som ville ha eit heilt sjølvstendig Noreg», fortel Janne Arnesen, «grunnlova blir eit brekkjern i dette, og difor vart feiringa av ho så sentral.»

Etter den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet, hadde ideen om «fridom, likskap og brorskap» spreidd seg til resten av Europa.

«Dette snudde opp ned på det gamle regimet, der konge, overklasse og overmakt styrte. No var det folket som skulle opp og fram», forklarar Janne.

Feiringa av 17. mai spreidde seg til fleire norske byar, og utover 1820-åra vart markeringane prega av opptøyar og spetakkel. Dette fall ikkje i god jord hjå kongen.

«Karl Johan var jo ikkje begeistra over at nordmennene saboterte den, etter hans meining, veldig gode unionen», seier Arnesen.

Det gjekk så langt at stortingsrepresentantar vart bedne om å ikkje delta på feiringane, og i 1828 vart det ulovleg med offentleg feiring. Det hindra ikkje nordmenn med patriotiske og revolusjonære tankar, då dei ville feira grunnlova året etter forbodet tredde i kraft.

«Det var nok ei forventning om markering av dagen, og det vart knallharde frontar då ein skjønte at det var heilt feil. Det er jo der det går ganske gale på Stortorget», fortel Janne Arnesen.

Illustrasjon av eit dampskip som legg til kai, på kaien står ei folkemengd.
Constitutionen legg til kai i Christiania, 17. mai 1829. Mathias Ferslev Dalager, «Tollbubryggen», 1829.
Foto: Oslo Museum / Rune Aakvik

Sabelslag, kavaleri og dampskip

17. mai 1829 la dampskipet «Constitutionen» til kai i Christiania, som Oslo vart kalla på denne tida. Skipet gjekk i ruta mellom Christiania og Kristiansand, og namnet på skipet var ikkje tilfeldig. Det var det fyrste dampskipet i Noreg, bygd i England for den norske stat. Noreg hadde altså kjøpt skipet sjølv, utan svensk involvering.

Det var ein vårdag med fint vêr, og fleire festglade folk hadde samla seg for å ta imot skipet, med forfattaren og samfunnsdebattanten Henrik Wergeland i spissen. Då skipet la til kai, blei det møtt med hurrarop og song frå den festglade folkemengda.

Utover kvelden trekker folkemengda opp til Stortorget. Politimeisteren ber folk dra heimover, men då dei ikkje følger oppmodinga, kallar han inn forsterkingar. Både infanteri, fotsoldatar og kavaleri, ridande soldatar, blir tilkalla. Dei møter folkemengda med skarpladde våpen. Ingen skot blir avfyrt, men soldatane slår med geværkolbane og fleire blir ridd ned. På veg heim får Wergeland eit sabelslag over ryggen, så den grøne studentuniforma hans raknar.

Illustrasjon av Torvslaget. Soldatar til hest med løfta sverd som rir ned sivile.
Hans E. Reimers, «Torvslaget den 17 Mai 1829 i Kristiania», 1829.
Foto: Koloreret Pennetegning af Literat Reimers / Nasjonalbiblioteket

«Torvslaget kan tolkast som det endelege gjennombrottet for 17. mai-feiringa. Det vart dekka i rikspressa, og sidan det vart så mykje oppstyr rundt ho tenkte kanskje folk at, ja, men då skal me i alle fall feira», utdjupar Arnesen.

Karl Johan måtte etter kvart innsjå at han ikkje fekk stogga feiringa av grunnlova. Stortinget feira offisielt 17. mai i 1833, og Henrik Wergeland held ein kjensleladd, bilderik og eggande 17. mai-tale ved Krohg-støtta, minnestøtta over stortingspresident Christian Krohg.

Revolusjonær mote

Det var ikkje berre politikken som var inspirert av den franske revolusjonen, også moten var inspirert av franskmennene. Kortbukser, eller nikkers, hadde vore overklassen sitt plagg i 300 år, men etter revolusjonen endrar dette seg.

«Ein kler seg i langbukser for å visa at ein er imot det gamle regimet. Dette var arbeidarane og underklassen sine bukser. Og fyrst er det jo heilt skandaløst, sjokk og horror, men så blir det den generelle herremoten tidleg på 1800-talet. Det går berre 10–15 år før alle bruker det», fortel Arnesen.

I Frankrike finn ein også fleire politiske vestar, mellom anna ein som er så symboltung at dei lærde strir om kva sida eigaren stod på under revolusjonen. Vesten ber fargane til trikoloren, raudt kvitt og blått. På kragen er det bilde av ein larve som blir til ein sommarfugl som får vengene klipt av, og nedst står påskrifta «l’habit ne fait pas le moine» («kleda gjer ikkje mannen»).

«Symbola på denne vesten er så tvitydige at folk kranglar om kva som er bodskapet. Vesten er kjempepolitisk, men på kva måte?» spør Arnesen.

Nærbilete av ein vest med grønt mønster på blå bakgrunn.
Nærbilete av ein tilsvarande vest som Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum eig.
Foto: Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum / Steffen Wesselvold Holden

Radikal blåfarge

I 17. mai-vesten ser ein også spor etter den franske revolusjonen.

Blåfargen i botn ville i samtida blitt lest som ein radikal farge, sjølv om me i dag ser på blått som det konservative og høgresida sin farge i politikken. Blåfargen var sentral i både USA og Frankrike, og kom derifrå til Noreg, og fekk ein sentral plassering i det norske flagget.

I «Mens Nordhavet bruder» frå 1823, som lenge vart brukt som nasjonalsong i Noreg, syng ein: «… men hjertebladet det mørkeblå, fra frihetens marv måtte først utgå … Og flagg for Norrig! Stand evig så! Mist aldrig ditt hjerteblads høye blå!» Det blå stod for framsteg, opplysing og fridom.

I dei grøne trådane i mønsteret finn ein meir symbolikk. Grankvisten vart eit symbol for det nye Noreg. Symbolikken som i Europa var knytt til palma, vart overført til den norske grana. «17de Mai blev Frihedens Palme Plantet paa Norriges Fjeldfaste Grund», skreiv Conrad N. Schwach i 1824. I Europa var palma knytt til paradiset, å bli fødd på ny, seier, triumf, orden, fylde og rettferd.

Bjørkegreina som ligg i kryss med grankvisten er ikkje mindre symboltung. Bjørka blir i dag rekna som sjølve nasjonaltreet til Noreg, og i Nord- og Aust-Europa symboliserer bjørka «ny byrjing». Det var naturleg å knyta bjørka, som står grøn og frodig i midten av mai, til grunnlovsfeiringa.

Symbolikken til berget kan ein henta frå antikken, nemleg sterk viljestyrke og å halda ut. «Evig og tro til Dovre faller» vart avlagd som eid på Eidsvoll i 1814, og symbolikken frå antikken vart overført til det norske grunnfjellet.

Også legendene om fugl fønix går heilt tilbake til antikken. Fuglen som brenn opp, men som reiser seg frå oska i ny og ungdommeleg drakt, har vorte mykje brukt i kunsten. Eit naturleg symbol på det gamle Noreg som blir gjenfødd som ny nasjon.

Kva er Noreg?

Ideen om nasjonalstatane, slik me kjenner dei i dag, er ny på 1800-talet, og den unge nasjonen Noreg prøver å finna tilbake til gamle symbol for å forma sin eigen identitet.

«Om Noreg ikkje er dansk, og ikkje svensk, kva er då Noreg?» spør Janne Arnesen. «Det er ein veldig enkel logikk i det. Ein ser det også i Hellas og i Balkan på same tid, at ein leiter etter gamle symbol for å visa at me er ein gammal nasjon.»

Utover 1800-talet blir bunadar, stavkyrkjer og rosemåling sentrale element i den norske nasjonsbygginga. Ein ønskte å løfte fram kulturelement som vart oppfatta som «det norske» og vise at Noreg hadde lange og stolte tradisjonar.

To personar med bunad og solbriller, frå 90-talet.
Lill-Ann Chepstow-Lusty, «17. mai. Lillehammer», 1995.
Foto: Nasjonalmuseet Robert Meyer Collection. © Chepstow-Lusty, Lill-Ann / BONO

Bunad, bjørkeris, pølser og is

Mykje av symbolikken frå 1800-talet lever vidare i dagens 17. mai-feiring, med bunad, bjørkeris, 17. mai-talar og folketog. I tillegg har me lagt inn nokre nye tradisjonar, som pølser, iskrem og sekkeløp.

Herremoten på 1800-talet, med bukse, jakke og vest har utvikla seg til dagens dress, og bunaden er eit populært plagg.

Det fyrste folketoget, slik me kjenner det i dag, kjem fyrst etter Karl Johan døydde, og det fyrste barnetoget kjem ikkje før i 1870-åra, på initiativ frå Bjørnstjerne Bjørnson og krinsen hans. I dag er folketog ein essensiell del av den offentlege 17. mai-feiringa.

«Det er kanskje den ultimate ironi at hovudfeiringa i Oslo skjer i nettopp Karl Johans gate i dag», ler Arnesen.

Kjelder

Andersen, Håkan A. 2014. «17. mai-vesten». I Vidvinkel mot 1814, utstillingskatalog. Nordenfjeldske kunstindustrimuseum

Berge, Bjørn Magnus. 16.05.2015. «Holdt tidenes 17. mai-tale i tung bakrus» Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/z155/holdt-tidenes-17-mai-tale-i-tung-bakrus

Mardal, Magnus A. «Torgslaget». Store norske leksikon https://snl.no/Torgslaget

Strotinget. 21.12.2022. «Torgslaget og etterspill på Stortinget» https://www.stortinget.no/no/Stortinget-og-demokratiet/Historikk/historisk-dokumentasjon/torgslaget-1829/