Idiots «Ophelia», 2005, fra utstillingen.
Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland
  • 29. april–10. september 2006
  • Kunsthallen på Tullinløkka

Utstillinga konsentrerer seg kring design og kunsthandverk som er sjølvstendig, kritisk, og sjølvreflekterande i høve til forventningar, tradisjonar og smak. Det som sameinar kunstnarane som er med er at dei ikkje har nøgd seg med å stå ved sida av og klage på det som skjer. I staden har dei starta eigne plattformer, initiativ, stilsystem, smaksomgrep og møteplassar. Dei er med andre ord aktivt med og skapar den samtida dei lever i. 

Utstillinga presenterer design og kunsthandverk som går sine eigne vegar, men som likevel er med og påverkar den generelle utviklinga av samtidas og framtidas design og kunsthandverk. Utstillinga viser installasjonar, kunsthandverk, møblar, objekt og video.

Kunstnarar

Revolutions on Request (FIN), Uglycute (S), 3rd Hand (N), We work in a fragile material (S), Afke Golsteijn (NL), Anthony Kleinepier og TTTVo (NL), Temp (N), Tsang Kin Wah (Hong Kong), Frida Bard (S), Extrastruggle (Tyrkia), Lagombra (S), Torpedo (N), Å.B.Ä.K.E (Jap, GBR, S) og Martino Gamper (It/Eng).

Kurator er Stina Högkvist.