The new Bibliotheca Alexandrina sett ovenifra. Flyfoto.
The new Bibliotheca Alexandrina
Foto: Nils Petter Dale
  • 1. februar 2007–17. mars 2010
  • Internasjonalt

Utstillinga presenterer arkitektfirmaet Snøhettas nye praktbygg i Alexandria. Det setjast fokus på det unike internasjonale samarbeidet rundt planlegginga og bygginga av biblioteket. Historia om byen Alexandria og oldtidas viktigaste forskingssenter og bibliotek utgjer også ein viktig del av utstillinga. Den viser også korleis det nye biblioteket fungerer som møtestad mellom aust og vest, nord og sør, og mellom islamsk og kristen kultur og religion.

Det gamle biblioteket i Alexandria var oldtidas største skriftsamling. Biblioteket var også eit senter for forsking og kunnskap, ein møtestad for intellektuelle. Då det brann ned på 400-talet e.Kr., gjekk ein av antikkens største kunnskapsskattar tapt for alltid.

Snøhetta vinnar av internasjonal arkitektkonkurranse

I 1989 utlyste den egyptiske staten, i samarbeid med UNESCO, ein arkitektkonkurranse om eit bibliotek av verdsformat i Alexandria. Det skulle bli eit universelt, offentleg bibliotek og eit senter for kultur og vitskap i området. Det norske arkitektfirmaet Snøhetta vann arkitektkonkurransen i 1989 blant rundt 650 innsende forslag frå arkitektfirma over heile verda, og fekk med dette sitt internasjonale gjennombrott. Snøhettas vinnarforslag har vekt stor internasjonal merksemd. Biliotheca Alexandrina vart offisielt opna i 2002 og vert sett på som eit av dei viktigaste arkitektoniske verk dei siste tiåra.

Eit av verdas største moderne skulpturelle byggverk

Det nye biblioteket er storslått, men enkelt i forma. Ovanfrå minner den runde forma om ei solskive. Hovudelementet er ein ståande sylinder skore diagonalt, og byggets geometriske klårleik kan assosierast med dei monumentale byggverka frå oldtidas Egypt. Fasaden består av over seks tusen kvadratmeter handmeisla stein og representerer med dette eit av verdas største moderne skulpturelle byggverk. Ristningane er henta frå ulike alfabet og symbol - notidas, fortidas og det ein trur kan bli framtidas. Dei omfattar både matematiske og musikalske teikn, blindeskrift og strekkodar blanda med kjende inskripsjonar.

Utstillinga er produsert av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design for Utenriksdepartementet.

Utstillingsansvarleg: Eva Madshus, Nasjonalmuseet
Utstillingsdesign: Askim / Lantto Arkitekter
Grafisk design: Bruno Oldani Design
Tekst: Finn Jor

Det er publisert ein rikt illustrert katalog til utstillinga.

Visningssteder

2007/2008

·       07.12.07–slutten av jan.08.: Israel, Tel Aviv, Tel Aviv Museum of Art

2006

·       11.11.–11.12.: Brasil, Brasilia, Biblioteca Nacional

2005

·       01.07.–11.09.: Skottland, Edinburgh, City Art Center

2004

·       02.04.–13.04.: De forente arabiske emirater, Abu Dhabi, Cultural Foundation

·       Høsten.: Saudi Arabia, Riyadh, The National Museum

2003

·       07.02.–26.04.: Tyskland, Berlin, Staatsbibliothek zu Berlin

·       21.05.–21.06.: Belgia, Brussel, Bibliothèque Royal de Belgique

·       Midten av sept.–midten av okt.: Sveits, Montreux, Châteu du Châtelard

·       06.11.–07.12.: Polen, Krakow, Muzeum Czartoryskich

2002

·       30.04.–16.06.: Frankrike, Paris, Institut du monde Arabe

·       16.09.–05.10.: Østerrike, Wien, Österreichische Nationalbibliothek

·       15.10.–21.12.: Italia, Roma, Bibloteca nazionale