Norsk Bremuseum, Fjærland,1991.
Foto: Jiri Havran
  • 14. september 2008–13. mars 2011
  • Internasjonalt

18 store modellar i tre av Sverre Fehns viktigaste prosjekt utgjer kjernen i denne utstillinga. Materialet i utstillinga elles finst i to versjonar, ein laga til opninga av Nasjonalmuseet – Arkitektur i 2008 og ein til Arkitekturbiennalen i Venezia 2008. Visingar i Venezia, Norden og Brussel.

Sverre Fehn (1924-2009) er Noregs mest anerkjende arkitekt. I 1997 mottok han Pritzker-prisen, den høgste utmerkinga ein arkitekt kan få. Fehn avslutta karriera si med to praktbygg i Oslo som begge opna året før han døydde; Nasjonalmuseet - Arkitektur og Gyldendalhuset. Då var det 50 år siden han, som ung arkitekt, vekte internasjonal merksemd med Den norske paviljongen til verdsutstillinga i Brussel i 1958 og fire år seinare med Den nordiske paviljongen til Biennalen i Venezia.

Fehn-bygningar i Noreg

Dei fleste andre av Sverre Fehn sine bygningar er i Noreg. Av dei mest kjende er dei fire musea; Hedmarksmuseet, Norsk Bremuseum, Ivar Aasen-tunet og Aukrustsenteret, og dei tre einebustadane; Villa Schreiner, Villa Norrköping (Sverige) og Villa Busk. Fehn er også kjend for fleire ikkje-realiserte prosjekt, der dei viktigaste er: utvidinga av Det Kongelige Teater i København, Bergverksmuseet på Røros, Infomasjonssenteret ved vikinggravene i Borre og Helleristningsmuseet i Borge.

Utstillinga

Avhengig av variant, kan utstillinga vise 18-36 prosjekt. Prosjekta blir presenterte gjennom modellar, skisser, poetiske sitat, teikningar, fotografi og datavisualiseringar. På ein vegg i utstillinga visast ei rekkje av Fehns skisser frå dei ca. 180 skissebøkene i arkivet hans. Utstillinga inneheld også to skissebøker, nokon akvarellar og ei aktteikning i original, samt kopi av lysbilde Sverre Fehn tok på studiereise i Marokko i 1951. Ein viktig del av utstillinga er ein film der Fehn sjølv forklarer mange av prosjekta sine.

Utstillingskurator: Eva Madshus
Utstillingsdesign: Martin Dietrichson (Oslo-versjon) / Eva Madshus (Venezia-versjon)
Grafisk design: Petter Baggerud
Prosjektleiar for vandring: Eva Madshus
Utstillinga er finansiert av Utanriksdepartementet

Visingsstader
2010/2011

21.04.-16.05.: København, Kunstakademiets Arkitektskole
10.12.2010-13.03.2011: Belgia, Brussel, BOZAR
2009

27.01.-03.05.: Stockholm, Arkitekturmuseet
23.09.-29.11.: Helsingfors, Finlands Arkitekturmuseum
2008

14.09.-23.11: Venezia, Arkitekturbiennalen, Den nordiske paviljongen