assume vivid astro focus: affektert veggmåleri akselererande faenskap
«assume vivid astro focus» var i byrjinga eit psuedonym for den New York-baserte brasilianske kunstnaren Eli Sudbrack, men har i dag blitt eit paraplyomgrep for nokre kunstnarar sine altomfattande kunstnarlege prosjekt. Estetikken er psykedelisk og omfattar tapet, musikkvideoar, store installasjonar, t-skjorter og klistremerke, som til saman skaper svimlande installasjonar.
Til 2004-Whitney-biennalen lagde kunstnarane blant anna eit stort mønstra teppe i Central Park. Teppet kunne brukast av dei som vitja parken. Kollektivet har blitt invitert til å lage eit liknande teppe til Tullinløkka i Oslo, som er tenkt brukt til performance, festar, picnicar eller anna ein har lyst til å bruke det til. I tillegg til Tullinløkka har dei også blitt inviterte til å skape eit allkunstverk som skal innta heile Kunsthallen. Tullinløkka og Kunsthallen vil samhandle med kvarandre og produsere ein stor energiprodusert heilskap som publikum inviterast til å utforske og delta i.
Kuratorar for utstillinga er Stina Högkvist og Geir Haraldseth