Arkitekturbiennalen i Venezia 2016: «In Therapy. Nordic Countries Face to Face»
Arkitekturbiennalen i Venezia er verdas viktigaste arena for samtidsarkitektur, der inspirerande idear og tankar frå nærmare 60 deltakande land blir presenterte. I 2016 er det svenske Arkitektur- och Designcentrum (ArkDes) som har ansvaret for utstillinga i Den nordiske paviljongen, i samarbeid med Finlands arkitekturmuseum og Nasjonalmuseet. David Basulto, gründaren bak nettstaden ArchDaily, er vald som kurator for utstillinga.
«Reporting from the front»
Utstillinga er knytt til hovudkurator Alejandro Aravenas tema for heile arkitekturbiennalen, «Reporting from the front», men tek utgangspunkt i dagens situasjon i Noreg, Sverige og Finland.
Basulto jobbar med ei psykoanalyse av dei nordiske landa gjennom arkitektur. Analysen bidreg til å formulere spørsmål som aukar forståinga av kvar den nordiske arkitekturen befinner seg i dag, og peikar ut ei retning for korleis den skal nå sitt fulle potensial.
Den nordiske paviljongen
Det nordiske bidraget blir vist i Den nordiske paviljongen, som er eigd i fellesskap av Finland, Noreg og Sverige. Utstillinga er ein samnordisk produksjon, der ArkDes har ansvaret for å gjennomføre utstillinga saman med samarbeidspartnarane Finlands arkitekturmuseum, Helsingfors og Nasjonalmuseet, Oslo. Nærmare 300 arkitekturprosjekt er valt ut til presentasjonen i Den nordiske paviljongen under biennal