Eero Aarnio – popfantasiar og sittande dagdraumar
Utstillinga omfattar ikon innan samtidsdesign, sittemøblar, offentlege møblar og eit utval av originalteikningar. Med sine kraftige fargar og popinspirerte former erobra Aarnios stolar Ball, Pastill og Bubble 1960-åras trendy designverd, i ei tid då plasten revolusjonerte møbel- og interiørdesignen. Aarnios design har også i dag tiltrekkingskraft som favorittar innan mote- og popkulturen, og arbeida hans rir på ei ny popularitetsbølge i dagens retro-boom. Aarnio representerer det typiske uttrykket for dagens og gårsdagens finske sittekunst, og utstillinga inviterer publikum til å prøvesitte klassikarane hans.
Eero Aarnio er ein av Finlands mest internasjonalt omtalte designarar. Hans mest berømte arbeid er frå 1960-talet, ei tid som karakteriserast av ny teknologi, hurtigveksande økonomi og byrjinga på den finske velferdsstaten. Etterkrigstidas urbanisering og økonomiske oppgang medførte store endringar i det finske samfunnet, med stadig sterkare fokus på forbrukaren i kvardagslivet. Møbel- og interiørdesignen profilerte ein ny serie av leikne, frie, futuristiske former og fargar. Aarnio er også kjend for sine skulpturelle glasfibermøblar, bruk av plast i pulserande fargar, nyskapande, geometriske former og ergonomi.