Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland
  • 30. oktober 2004–2. januar 2005
  • Kunstindustrimuseet

Den svenske glasdesignaren og keramikaren Ingegerd Råman er ein nestor i svensk formgiving, ikkje minst i internasjonal samanheng. Ho har ei stor tiltru til materialets ibuande kvalitetar og moglegskapar, uansett om ho arbeider med glas eller med svart keramikk. «Dagens trender er umoderne i morgen. Jeg søker alltid den form som ikke har noen alder og som kan kalles selvfølgelig, men likevel er så vanskelig å gestalte», seier Ingegerd Råman.

Råman er utdanna i Sverige og Italia, og i 1995 vart ho utnemnd til professor av den svenske regjeringa. Ho har arbeidd som glasdesignar for fleire av dei omtykte svenske glasverka, og har ei årrekkje samarbeidd med Orrefors Kosta Boda AB. I tillegg har ho formgitt keramikk for Gustavsberg og Figgjo, og har eige keramikkverkstad i Stockholm. Ingegerd Råmans kunstneriske drivkraft er å lage vakre og funksjonelle kvardagsting som er tilgjengelege for folk flest. Ho har oppnådd stor respekt, blant anna gjennom hardt arbeid og ei kompromisslaus haldning til det å nå målet om høgaste kvalitet. Hennar enkle, tydelege formspråk er konsekvent og fritt for tidstypiske trendar. Ho har fleire gongar mottatt utmerkelsen Utmärkt Svensk Form. I tillegg til Råmans objekt i glas og keramikk, presenterte utstillinga ein del bilder frå Nasjonalmuseets samling, valt ut av kunstnaren. Eit utval av Råmans arbeid er til sals i museumsbutikken på Kunstindustrimuseet.