Utstilling
Stengt
Draktgalleriene
I tre galleri blir det vist utstillingar som presenterer viktige sider ved museet si omfattande samling av motedrakter.
Det første galleriet er vigd drakter frå Per Spook sitt motehus i Paris (1977–95). Galleriet med «Den kongelige draktsamlinga» viser i hovudsak aftenantrekk bore av dronning Maud, kronprinsesse Märtha og dronning Sonja. «Motedrakter 1700–2000» gir eit innblikk i meir enn 300 års motehistorie gjennom eit utval antrekk frå samlingane.