Foto: Nasjonalmuseet
  • 18. september 2008–3. januar 2009
  • Nasjonalgalleriet

Utstillinga viser eit stort utval av møblar som ikkje har vore vist på lenge. Frå magasina har vi henta fram møblar frå italiensk og norsk renessanse, frodige barokkstolar, grasiøse rokokkomøblar og ei rekkje døme på møblar frå régence, nyklassisisme, empire, biedermeier, historisme og jugend. Møblane er utstilte i periodevise tablå, og gir eit innblikk i vår omfattande samling og i stilhistoria.

Kurator for utstillinga er Widar Halén.