• 1. januar 2008–27. mars 2016
  • Kunstindustrimuseet

Kunstindustrimuseet har samla glas og keramikk heilt frå museet vart grunnlagt i 1876. Studiesamlingane presenterer høgdepunkt i glasets og keramikkens historie.

Meir enn 1800 gjenstander er henta fram frå magasina. Dei er ei utdjuping av og eit supplement til dei permanente utstillingane i 2. og 3. etasje. Ein av salane er vigd glasets historie, ein annan viser keramikkens historie frå antikken til 1850, og den tredje rommar keramikk frå 1850 til i dag.