Foto: Nasjonalmuseet
  • 20. mai–28. august 2011
  • Kunstindustrimuseet

Erik Magnussen (f. 1940) er ein av etterkrigstidas store danske designpionerar, som har vore med å plassere dansk design og Scandinavian Design på verdskartet.

Han er utdanna keramikar og industridesignar, og arbeida hans er prega av sofistikert enkelheit, stramleik og klårleik. Magnussen sin hovedregel er å finne dei riktige proporsjonane i eit samspel med mulegheitene til framstillingsteknikken og produksjonen. Utstillinga viser hans breie produksjon innan møblar, glas, porselen, bestikk og industridesign, og sjølvsagt hans mest berømte produkt Thermo for Stelton, som er selt i meir enn 10 millionar eksemplar verda over.